Dette skal eg dyrka i 2019

Dette  skal  eg  dyrka  i  2019

Bestiller du også frø i januar? Her røpar eg kva eg skal dyrka i 2019. Eg viser deg både den lange og den korte frølista mi og tek deg med på planlegginga av koss kjøkkenhagen skal bli i 2019. Det er nemleg lurt å ha tenkt gjennom det, før me kjøper nye frø.

Straks eg har rydda bort julepynten, går eg i gong. Før klikka eg «kjøp» på alt som var freistande – og det var det meste.. Dermed blei rekninga dyr og frøposane så mange at eg hadde måtta ha mange mål ekstra for å få plass til alle vekstene. Nei, fyrst må eg finna ut kva eg treng.  Kva eg vil dyrka mykje og lite av.  Kva eg har plass til. Koss eg vil kjøkkenhagen 2019 skal bli. Kva eg har av gamle frø. Det er mykje som eg må ta omsyn til:

Leikeplasshagen fotografert den 5. juli 2018: Fremst: under frukttre; Graskar, slyngblomkarse, rabarbra og pepparrot. rabarbra. Dei høge plantane til venstre: er mais. I kassane ved sida av: Squash og kvitløk. Tomater i «reiret»/»korga» midt på plassen. Lenger bak ser du mellom anna georginer. Heilt bak: Jordeple (poteter).

Kor stor plass har eg?

I min eigen hage har eg to bed: Eit firkantbed på rundt 10 kvadratmeter og eit langbed på 14 kvadratmeter.

Leikeplasshagen rommar nå 5 små bed,  7 mellomstore bed, eit stort langbed, eit rundbed, ein stor plantekasse (laga av to gamle dørkarmar), 4 doble vanlege pallekarmar og 2 doble, men litt lågare pallekarmar.

Drivhuset er 2,9 meter breitt og 3,5 meter langt. Eg har benk og hylle på den eine langsida og den eine kortsida. Høge planter som tomater og agurk skal veksa i kassar der det ikkje er benker&hyller.  Stablar eg tett, får eg plass til 12 kassar fordelt på to rekkjer.

Eg teiknar ei skisse, og skriv på kva eg vil ha i dei ulike beda. Det går med eit-par tekoppar før eg er ferdig med planlegginga, for her er fleire faktorar eg må ta omsyn til:

Så mykje løk på fire kvadratmeter. (Foto frå juli 2018, Margunn Ueland)

Kva et me mykje og lite av?  Mange kule chilifrø å velja mellom, men treng neppe meir enn eit-par planter. Eg har ennå att chilipulver (tørka chili) frå 2017…  Gule, mørkegrøne, lysegrøne og kvite UFO-liknande squash – flotte javel, men det blir store mengder av bare eit-par planter.

Kva blei fortast oppete i fjor? Løk. Må ha meir løk i år. Men skal eg så? Tidkrevjande. Mykje lettare med setteløk.

Jordeple (poteter) likar alle, så det må eg setja av god plass til.

I fjor hadde eg jordeple både i dette bedet og i det store langbedet i Leikeplasshagen. Mykje poteter skal det bli også i år, men i andre bed. (Foto teke den 8. juni av Margunn Ueland)

Rotasjon: Eg prøver å unngå å dyrka same slag grønsak i same bedet som i fjor. Der eg dyrka kål i fjor, kan eg ikkje ha kål i år. Der eg hadde poteter i fjor, bør der vera noko anna i år osv. Dette fyrst og fremst for å unngå sjukdom, men også for at nokre vekster er meir næringskrevjande enn andre.

Seriedyrking: Der eg skal dyrka spinat, reddik, mainepe, løk, tidlegpoteteter, sukkererter, sommarkål, brokkoli og knutekål, bør eg ha andre å planta ut når desse er oppetne/tekne opp. Grøde 1 og grøde 2. Grøde 2 bør vera grønsaker som greier seg godt utover hausten og gjerne også om vinteren, slik som grønkål, svartkål, rødkål, vinterkål, rosenkål, kålrot, sellerirot, purre.

Det gjeld å ha klar planter som kan plantast ut etter at poteter og løk er opptekne. Ulike slag kål er gode nummer-2-grøder. (Foto: Margunn Ueland)

Direkteså vs forkultivera: Kva skal eg så rett ut (så på friland/direkteså) og kva skal eg forkultivera (så innandørs/i drivhus for så å planta ut)? Det eg skal så ute, vil eg helst ha i pallekarmar, for då kan eg lettare unngå at kattar, hundar og fuglar sparkar og grev der. Eg kan også trekkja over ein tynn, kvit fiberduk (du kan få kjøpt rett storleik med strikk rundt nederst som er lette å tre over pallekarmen).

Kva jord har eg? Kål, mais, graskar og squash treng god og feit jord. Rotvekster er mindre kravstore.  Poteter, graskar, squash og mais greier seg best i nylaga bed fulle av organisk materiale som ikkje er heilt omdanna.  Der du dyrkar poteter, får du fantastisk fin og laus jord etterpå!

Sol og skugge: Alle grønsaker treng sol, men grøne bladvekster som spinat, salat, mangold, grønkål og persille greier seg med litt mindre enn dei andre.

Blomar vs grønsaker: Eg må setja av plass til georginene mine, pluss finna ut kva bed eg vil bruka til sommarblomar.  Sjølv om eg er glad i blomkarse, treng eg ikkje bestilla det, for det ligg massevis frø at i jorda frå i fjor. Dei spirer nok av seg sjølv.

Kva har eg av frø frå før? Åj. åj, åj, det var ein god del, ja.  Men for det meste spretta frøposar. Du treng sjeldan så ein heil pose om gongen.  Eg har samla restane i ein plastkasse som eg har i kjøleskapet. (frø skal oppbevarast kaldt). Sorterte og putta i posar. Store frø eg har samla frå eigne vekster som graskar, bondebønner og sukkererter har eg i små syltetøyglas.

Lista blei kjempelang, men det er altså sjeldan snakk om fulle frøposar. Vil du sjå heile? OK!

SPINAT:

  • «Medania»
  • «Palco»
  • «Giant Winter»
  • «Giant America»
  • «Viking»
  • «Fabris»
  • New Zealandsk spinat

SALAT

  • Vintersalat «Vit»
  • Vintersalat «Verte de Cambrai»
  • Babyleaves «Oriental Mix»
  • Miniplukksalat «Baby Leaves Gourmet»
  • «Little Gem»
  • Rukkola
  • Amarant «Callaloo» (brukar unge blad som salat)
  • Vinterportulakk

ASIATISKE BLADVEKSTER

  • Orientalsk blanding
  • «Yukina Savoy»
  • «Green in snow»

REDDIK

  • «Pernot Claire»
  • «København Torve 2»
  • «French Breakfast 2»

MAINEPE:

  • Kvit mainepe frå Solatt frø
  • «Snowball»

PURRE:

  • «Musselburgh»

ARISJOKK:

  • «Violette de  Provence»
Vakker! Spisskål «Early Jersey Wakefield». Foto frå kjøkkenhagen min i juni 2018. (Foto: Jan Inge Haga)

KÅL:

  • Spisskål «Early Jersey Wakefield»
  • Spisskål «Kalibos»
  • Kvitkål «Brunswick»
  • Rødkål «Holdbar Vinter»
  • Kålrot «Brora»
  • Brokkolini «Quarantina»
  • Rosenkål F1 «Bosworth»
  • Knutekål «Wiener Blå»

GRØNKÅL

  • «Ragged Jack»
  • «Dwarf Green Curled»
  • Svartkål «Cavolo Lacinato Nero di Toscana Precoce»
  • Afrikansk, glattblada grønkål «Sukuma Wiki» (eigne frø)

MANGOLD

  • «Bright Lights»
  • «Fordhook Giant»
  • «Rhubarb»

RØDBETE

  • «Detroit 2»
  • «Egyptian Turnip»

MAIS

  • Sukkermais «F1 Gucio»

SQUASH:

  • «Scallopini» (som ungane i gata kallar UFO-squash)
  • «Black Beauty»
Desse frøa var inni eit «Marina di Chioggia»-graskar. Viktig å vaska og TØRKA dei godt før du puttar dei i ein pose eller glas i kjøleskapet. (Foto: Margunn Ueland)

GRASKAR

  • «Olga»
  • «Uchiki Kuri»
  • «Marina di Chioggia»
  • «Waltham Butternut»
  • «Lakota»
  • «Rouge Vif D» Etampes»
  • «Giraumon Turban»

(eigne frø)

URTER

SELLERI

  • Stangselleri «Golden Self Blanching 2»

FENNIKEL

  • «Fino»

HAVREROT

  • Frø frå Henriette (tidlegare kollega)

BØNNER

  • Bondebønner: Eigne frø frå fjorårets avling +»Crimsonflowered» frå Camillas Countryliving
  • «Blauhilde», eigne frø frå fjorårets avling

SUKKERERTER

  • «Norli» frå fjorårets avling
Sommarblomar vil eg ha mykje av også i 2019. Dette biletet er frå Leikeplasshagen sommaren 2018. Fremst Zinnia, til høgre sommarsolhatt. Heilt bak: Poteter i det store langbedet. (Foto: Margunn Ueland)

SOMMARBLOMAR

  • Strandlevkøy
  • Poppelrose
  • Løvemunn
  • Sommarsolhatt «Rustic Dwarf»
  • Zinnia elegans «Old Scabiosa»
  • Zinnia elegans «Whirlgig Fun»
  • Ringblom (eigne frø)
  • Slyngblomkarse (eigne frø)
  • Låge solsikker F1 «Suntastic Yellow with Black Center»

CHILI

  • «Padron»
  • «Chinese Five Colours» (eigne frø)
  • «Cherrybomb»
  • «Anaheim»

TOMAT

  • Krukketomat «Vilma»
  • «Principe Borghese»
  • «Stripes of Yore»
  • «Utandørstomat frå Randaberg», fått av Øyvind
  • Kirsebærtomat «Reverend Micael Keyes» , 4 frø frå Camillas Countryliving (2017).

PHYSALIS

Er frøa for gamle? Dei fleste frøposane frå 2018, men også nokre frå 2017, 2016, 2015 og 2014….

Jo eldre dei blir, jo dårlegare blir spirevna, men som regel spirer dei sjøl om «best før-datoen» er passert for lenge sidan. Alle russiske grønkål «Ragged Jack» som eg kjøpte frå Camilla Plum i 2014 og sådde i 2018, spirte. Det same gjorde mine eigne grønkålfrø frå 2015 og svartkål frå 2014. Du treng altså ikkje kasta gamle frø. Men det er nok lurt i å få sådd dei eldste nå i år..

KVA SKAL EG DYRKA I 2019?

Då ser grovskissa slik ut:

Lurer på om eg ikkje skal bruka dette bedet til løk, gulerøter, og sylteagurk i 2019. Her ser du grønkål og savoykål, fotografert 3. januar 2019. (Foto: Margunn Ueland, 3. januar 2019)

Kjøkkenhagebedet ved sida av drivhuset: Løk, gulerøter, sylteagurk.

Langbedet ved sida av plenen: 1. Tidlegpoteter. 2. Litt av kvart av fennikel, rødbeter, purre, sellerirot, kålrot, rødkål, vinterkål, brokkoli, gjerne også nokre sommarblomar.

Ok, trur eg går for poteter i dette bedet som avling nummer 1. Her ser du to svartkål frå i fjor. Planta dei ut etter opptak av løk i juli. (Foto: Margunn Ueland)

Leikeplasshagen:

Stort langbed: Mais og georginer

Bakerste pallekarmar: Pastinakk i den eine, asiatiske bladgrønsaker og koriander i den andre.

Firkantbed i midten: Sommarblom Zinnia.

Fremste pallekarmar: Reddik og maineper, deretter urter i den eine, salat i den andre.

Fem små avlange bed langs bærbuskar og veg: Stangselleri, løk, løk, rødbeter, rødbeter.

Dørkarmkasse: 1. Spinat. 2. Squash.

2 pallekarmar ved sida: Gulerøter.

Mellomstort bed framføre garasje: 1. Tidlegpoteter. 2. Rosenkål og svartkål/grønkål.

Det store bedet med epletre: Graskar.

Mais og georginer er planen i det fremste bedet. Ennå er det liv i kålplantene frå i fjor. (Foto 3. januar 2019: Margunn Ueland)

Rundt bed: Sommarblomar. Sommarsolhatt eller poppelrose.

3 bakre mellomstore bed framføre granhekk: Har asparges i det eine, kvitløk i det andre, tenkjer meg fyrst løk, så rødbeter i det tredje.

2 fremre mellomstore firkanta bed: Mangold i det eine, spisskål og fennikel i det andre.

Klatrestativ: 1. Sukkererter. 2. Bønner.

KLAR FOR BESTILLING!

Kva legg eg vekt på når eg vel sort?

«Goldy», bra sort som eg dyrka i fjor. I år vil eg prøva ein annan. (Foto: Margunn Ueland)

Eg er nysjerrig og likar å prøva ut nye sortar. I år valde eg for eksempel den gule squashen «F1 Atena Polka» som eg ikkje har hatt før, til trass for eg var svært nøgd med den gule «Goldy» i 2018. Eg let vera å bestilla den søte, gylne kirsebærtomaten «Sungold» som eg likar så godt fordi eg har hatt den fleire år tidlegare.

Står det i omtalen at ein sort er sterk mot sjukdom, vel eg den framføre andre.

Eg ser også på kor mange frø det er i posen. Ein pose Zinniafrø kan vera på 125 frø, ein annan på 20, sjølv om prisen er om lag den same.

Og sjølsagt utsjånad utsjånad (eg er glad i fargar) og smak. Høgde spelar også inn. Høge sortar bles lettare ned.

DESSE KJØPTE EG:

  • Kirsebærtomat «Sweetbaby» (Vanskeleg val, men landa på denne av fleire grunnar: Vil heller ha ein på 150 cm enn ein på 200 cm, omtalt som ein av dei beste hobbysortane med mengder av søte tomatar i vide klasar.)
  • Slangeagurk F1 «Cordoba» (fordi det sto i katalogen at han er mjøldoggresistent. Agurk får lett mjøldogg)
  • Sylteagurk F1 «Partner» (kjøpte «Diamant» i fjor, og den ville ikkje spira!)
  • Paprika F1 «Mowhawk» (fordi det er ein låg sort/dvs. står lettare oppreist utan støtte, fruktene små og oransje)
  • Squash F1 «Atena Polka» ( fordi det er kjekt med både gul og grøn squash og fordi eg ikkje har prøvd denne før)
  • Zinnia elegans (stod ikkje sortsnamn i katalogen, bare «Dahliablommande», tenkte dei ville vera fine i lag med georginer/dahlia som eg har rotknollar av.
  • Pastinakk «White Gem»
  • Gulrot F1 «Laguna» (tidlege)
  • Gulrot F1 «Sugarsnax» (ekstra søte),
  • Gulrot «Rothild» (tidleg haust, høgt karoteninnhald, gode til juicing),
  • Gulrot «St. Valery» (sein haust, blir store). T

Tilsaman 3500 gulerotfrø! Men eg er så dårleg på gulerøter…

Totalt kom dette på 337,60 norske kroner (var fri frakt på 1. nyttårsdag).

NB! Netthandlar du frø frå utlandet, ikkje bestill for meir enn 350 kroner om gongen inkludert frakt. Då slepp du å betala toll.

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 

 



6 kommentarar om “Dette skal eg dyrka i 2019”

  • Nå ble jeg veldig imponert over planleggingen din! Jeg får se det som et mål å strekke meg etter. Jeg er enig i alt du skriver, men jeg skal nok ha Sungold i år og.

    • Hei! Mange takk! «Sungold», ja, den er knallgod! Planlegging: Greit å ha ei skisse i botnen, så får eg sjå om eg fylgjer planen når det kjem til stykke…. Mykje som kan spela inn.

  • Mye spennende du skal så,. Ikke lett å velge ,der er jo så mange forskjellige. I fjor sådde eg noen få planter av rosettkål, det er den eg spiser nå. Var just ute å plukka, då var dei heilt frosne , ble heilt fine når dei kom inn i varmen. Gøy med slik vi kan høste om vinteren. Vet ikke hvor mange gonger dei tåler å fryse og tine. Dei er mye finere enn rosenkålen , som blir lit stygge nå, helst dei nederste. Gøy og inspirerende å følge deg.

  • For ei glede å følgje deg og hagane.👍
    Har du ei adresse eg kan bestille frø?
    Helsing
    Siri Gjesdal
    Godt Hage År!

    • Hei, tusen takk for hyggeleg melding! Eg bestilte frø frå impecta.se. (fordi eg får frøkatalog heimsendt i posten, dei har bra utval og eg har vore nøgd med frøa derfrå) Finns mange bra frøfirma, norske Solhatt og svenske Runåberg har økologiske frø.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: