Energijuice

Energijuice

Nå er eg klar for nytt år! Måtte bare ha eit stort glas grøn juice. Gir så mykje energi! Og har du sett så fin farge?

For ein luksus å kunna henta inn knasande fersk, mørkegrøn grønkål og svartkål frå kjøkkenhagen.  Ein heilt annan kvalitet på nyplukka, sjølvdyrka, økologiske blad enn på dei slakke greiene som ligg i plast i butikkhyllene. Du ikkje bare ser og smakar det, du høyrer det på lyden! Mine knitrar! Og: Du kjenner det på humøret: Eg blir heilt gira…

Nyplukka frå kjøkkenhagen. Svartkål og grønkål.

Oppglødd blir eg også over eplene som framleis held seg fine nederst i kjøleskapet. Sjå på desse! Hausta frå mitt elskede, gamle epletre i september. «Summerred», er sorten. Tenk, ikkje vintereple eingong, og held seg fine så lenge!

Usprøyta, sjølvdyrka eple. Framleis fine etter 14 veker i kjøleskap.

For ein juice dette skal bli! Eg juicar dei grøne blada fyrst, så sper eg på med eple, sitron og litt ingefær til eg får smaken slik eg vil ha han. Men for at du skulle få denne oppskrifta, fann eg fram vekta og talde eplene. Velbekommen!

HER ER OPPSKRIFTA:

  • 1 stor bunt svartkål og 2 store blad grønkål med stilkar på tilsaman 450 gram
  • 1 og 1/4 økologisk sitron med skal (ikkje bruk skalet viss sitronen ikkje er økologisk)
  • 1 skive ingefærrot (20 gram)
  • 12 epler
  • 2 dl vatn
  • 1 liten klunk olivenolje
Klar for juicaren.

Framgangsmåte:

  1. Vask grønkål, svartkål, sitron og eple.
  2. Eg brukar sentrifugejuicar. Fiber i grønkål set seg lett fast i slowjuicar.
  3. Fyrst juicar eg dei grøne blada – stapp «røyret» fullt.
  4. Hell i  ein klunk olivenolje.
  5. Så juicar eg sitronen – slik at det er sitronjuice i karaffelen før eg juicar epla. Dermed held epla seg friskare.
  6. Deretter juicar eg eple og ingefærrot. Eg juicar epla heile med skal og kjernehus. Er jo økologiske!
  7. Til slutt skyler eg ut juicaren med 2 dl vatn for å få med meg restane og for å tynna ut juicen.
  8. Smak til: Vil du ha han surare, juice litt meir sitron. Vil du han skal smaka mindre grønt og meir eple, ha i meir eple. Vil du ha meir «sting», ha i litt meir ingefærrot.

Eg har drukke grøn juice i årevis, så eg likar han nok grønare enn de som smakar grøn juice for fyrste gong.

To glas pluss denne flaska blei det av desse ingrediensane.

Skal du planta bare to ting i hagen til våren: Plant eit epletre og ein grønkålplante eller to!

Frøys ned masse grønkål i sommar. Fremst grønkål «Sukuma Wiki» med ovalt blad, bak frynsete blad av «Ragged Jack».

Eg brukar også grønkål i smoothiar. Då er det lettaste å ta frå posane med frosen grønkål eg har i fryseskapet.

Denne lagar eg ofte: 5 OM DAGEN I EITT GLAS

Skål for 2019 og for grønkål!

 



4 kommentarar om “Energijuice”

  • Hei Margunn,

    Juicene du lager ser så fristende ut! Jeg har selv ingen erfaring med juicer/sentrifuge juicer, og skulle så gjerne kjøpt en selv men trenger litt hjelp. Hva slags merke bruker du, og hva er pluss og negativt ved bruk?

    Vennligst Britta

    • Takk skal du ha! Ja, luksus med juice. Ein fordel med å juica sjølv, er at du kan ha masse gode grønsaker i juicen, pluss at det smakar så utruleg mykje betre enn ferdigkjøpt juice, er mykje sunnare (ferdigkjøpt juice er pasturisert, altså varma opp for å drepa liv slik at han blir haldbar lenge). Kjøpte min sentrifugejuicar for mange år sidan, og den har blitt mykje brukt! Er Phillips, men hugsar dessverre ikkje meir om kva type. Pluss: Går raskt å juica med denne (kan stappa i fleire heile eple/gulerøter om gongen), juicar også fiberrike grønsaker som grønkål så lett som bare det. Minus: blir ein del svinn/avfall. Med slowjuicar blir det meir avfall, men så går det også SLOW og fiberrike grønsaker set seg fast. Juicen frå sentrifugejuicar skil seg også lettare enn juice med slowjuicar, men det er jo bare å røra litt i han når han har stått ei stund. Juicar du ofte og mykje grønsaker, er eg ikkje i tvil: gå for sentrifugejuicar.

      • Tusen takk for omhyggelig svar Margunn! Jeg visste ikke at ferdig juice er pasteurisert?? Det burde da stå på pakken, jeg kjøper alltid ren juice uten tilsetninger, ingen sukker og gjerne økologisk og ufiltert. Men ettersom jeg har planer om å dyrke grønnsaker selv har du inspirert meg til å prøve å lage juicer, de ser så vidunderlig friske og fristende ut. Håper den nye boka di proppfull full av juice oppskrifter 😉

        • Hei igjen! Kikk nøye på juicekartongen neste gong. Ein viktig grunn til at eg gjekk i gong med kjøkkenhage, var faktisk at eg ville ha grønkål og rødbeter til å laga juice av. Så mykje betre kvalitet og smak – og garantert sprøytefritt – på nyplukka grønsaker! Bare prøv, – eg hugsar eg ville mest ikkje tru det, fyrste gongen eg smaka ein rødbete rett frå jorda. Du treng ikkje ha mange grønkålplanter – du kan plukka inn bøttevis frå bare ein plante – du plukkar av nokre blad, nye veks ut. Frost/kuldegrader toler dei også. Boka er nok ikkje proppfull av juiceoppskrifter – men proppfull av nyttige dyrkingsråd og gode idear til alt du kan laga av det du dyrkar. Men ei kokebok er det ikkje. Fleire oppskrifter kjem på bloggen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: