Rubinsalat

Rubinsalat

Granateple – for ei frukt! Så vakker, full av små, smakfulle juvélar breiddfulle av saft, smak og supersunne plantestoff. Luksusingrediensen i denne friske og fruktige salaten med appelsinskiver og grøne blad.

Så god at ingen sakna den tradisjonelle Waldorfsalaten til årets store kalkunmiddag.

Eg brukte rukkola og babyspinat. Det hadde også gått fint med grønkål, finhakka og massert med olje (då blir grønkålen mjukare og lettare å tyggja).

Her er oppskrifta:

Ingrediensar:

  • 1 pakke rukkola
  • 1 pakke babyspinat
  • 3 appelsinar
  • 1 granateple
  • 1 neve valnøttkjerner

Framgangsmåte: 

  1. Vask og tørk rukkola og spinat (lettast å bruka ein «salatspinnar», går også fint med reine kjøkkenhandklede)
  2. Skrell appelsinane og skjer dei i tynne skiver som du deler i to eller fire.
  3. Dunk på granateple med eit kjevle for at det skal bli lettare å få laus kjernene.
  4. Skjer så toppen og botnen av skalet på granatplet. Skjer så i skalet frå topp til botn på begge sider. Brekk så frukta i to delar og rist og plukk ut kjernene.
  5. Bland dei grøne blada med halvparten av dei oppskårne appelsinane og halvparten av granateplekjernene.
  6. Legg resten av appelsinen og granateplekjernene på toppen av salaten saman med valnøttkjernene.

Det beste med heile kalkunmåltidet, spør du meg!

Helsetips

I tillegg til bra med vitaminane C, K og folat, inneheld granateple kalium (bra mot høgt blodtrykk) og er proppfullt av kraftige antioksidantar som er med på å gje deg fin hud og motverka betennelsar, verna deg mot kreft, hjartesjukdom. Bra for hjernen også! Les meir om det her i denne artikkelen av Dr. Joel Fuhrman.

LES OGSÅ:

DEN STORE KALKUNMIDDAGEN

MONAS RØDKÅL

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: