To smakfulle, feittfrie sausar til kalkun

To smakfulle, feittfrie sausar til kalkun

For ein fantastisk farge! Ein fryd å laga og servera tranebærsaus. Sunt og godt og fort gjort. Syrleg og frisk, heilt utan  feitt.

Kanskje vel så populær i vår familie er soppsausen dotter mi Mari lagar til  kalkunmåltidet. Sunn og god sjølvsagt, og fri for dyrefeitt (blir som regel meir enn nok av det om jula…).

TRANBEBÆRSAUS:

Dette treng du:

  • 1 pose tranebær (250 gram)
  • 1 dl vatn
  • 2 dl appelsinjuice
  • 3 ss sukker (eg brukar Sukrin Gold)
  • 1 ts ingefærpulver eller 1 ss raspa ingefærrot

Slik gjer du:

  1. Vask tranebæra/ha dei i eit dørslag og ha dei under rennande vatn eit par minutt.
  2. Ha bæra i ei gryte med vatn, appelsinjuice, sukker og ingefær.
  3. Kok om lag 5 minutt til tranebæra “poppar”/”sprekk”, blir mjuke og sausen tjuknar litt.

NB! Tjuknar meir etterkvart som han står og kjølnar.

Server sausen varm.

God også kald til restar neste dag.

LES OM DEI HELSEBRINGANDE STOFFENE I TRANEBÆR HER

Soppsaus i gryta fremst til høgre. Tranebærsaus i gryta bak. Rødkålen bak til venstre er ikkje Monas rødkål, men mitt litt mislkka forsøk på å laga rødkål av lilla spisskål. Fargen blei for brun… Hadde kanskje også vel mykje gløgg oppi.

MARIS SOPPSAUS:

Her får du oppskrifta til Mari, dotter mi:

  1. Skjer sopp (champignon eller aromasopp) i skiver og steik i rapsolje i nokre minutt. Steik ei stor panne med sopp.
  2. Strø over peppar og paprikarydder.
  3. Rør inn 1 boks havrevips (vegansk alternativ til fløyte).
  4. Tilsett ein skvett soyasaus, ein skvett eddik og eit par matskeier næringsgjær.
  5. La småkoka i 5-10 minutt.
  6. Smak til med meir krydder om det trengs.

SAUSANE høyrer med til DEN STORE KALKUNMIDDAGEN

Det gjer også MONAS RØDKÅL

og RUBINSALAT

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: