To smakfulle, feittfrie sausar til kalkun

For ein fantastisk farge! Ein fryd å laga og servera tranebærsaus. Sunt og godt og fort gjort. Syrleg og frisk, heilt utan feitt.
Kanskje vel så populær i vår familie er soppsausen dotter mi Mari lagar til kalkunmåltidet. Sunn og god sjølvsagt, og fri for dyrefeitt (blir som regel meir enn nok av det om jula…).
TRANBEBÆRSAUS:
Dette treng du:
- 1 pose tranebær (250 gram)
- 1 dl vatn
- 2 dl appelsinjuice
- 3 ss sukker (eg brukar Sukrin Gold)
- 1 ts ingefærpulver eller 1 ss raspa ingefærrot
Slik gjer du:
- Vask tranebæra/ha dei i eit dørslag og ha dei under rennande vatn eit par minutt.
- Ha bæra i ei gryte med vatn, appelsinjuice, sukker og ingefær.
- Kok om lag 5 minutt til tranebæra “poppar”/”sprekk”, blir mjuke og sausen tjuknar litt.
NB! Tjuknar meir etterkvart som han står og kjølnar.
Server sausen varm.
God også kald til restar neste dag.
LES OM DEI HELSEBRINGANDE STOFFENE I TRANEBÆR HER

MARIS SOPPSAUS:
Her får du oppskrifta til Mari, dotter mi:
- Skjer sopp (champignon eller aromasopp) i skiver og steik i rapsolje i nokre minutt. Steik ei stor panne med sopp.
- Strø over peppar og paprikarydder.
- Rør inn 1 boks havrevips (vegansk alternativ til fløyte).
- Tilsett ein skvett soyasaus, ein skvett eddik og eit par matskeier næringsgjær.
- La småkoka i 5-10 minutt.
- Smak til med meir krydder om det trengs.
SAUSANE høyrer med til DEN STORE KALKUNMIDDAGEN
Det gjer også MONAS RØDKÅL
og RUBINSALAT