Urtegrøn potetsalat

Urtegrøn  potetsalat

Eg kastar aldri mat. Det er små grep som skal til for at julematrestane blir «som nye». Til og med kalde poteter!

Den beste potetsalaten lagar du nemleg fort sjølv. Denne både smakar betre og er (sjølvsagt) sunnare enn den du kjøper ferdig.

Visste du forresten at stivelsen i kalde, kokte poteter er prebiotika, altså den type mat dei gode tarmbakteriane likar?

Super persille

Bladpersille set farge og ekstra smak på denne salaten, og gjer at han blir endå sunnare. Hugs å få i deg noko grønt kvar dag! Jo meir, jo betre.

Eg har ei stor skuffe full i fryseskapet. Du må bare dyrka persille!  Du kan ikkje samanlika dei halvslakke persilletustane du kjøper i butikkane med den du dyrkar sjølv. Mykje meir og betre  smak, og så kraftige og friske at du kan klyppa inn bøttevis sjølv på liten plass.  Fin å kanta bed med.

Kruspersille er fin å pynta med, men bladpersille set best smak på maten, synes eg, både rå som i denne salaten og i supper og andre gryterettar.  I år dyrka eg ein sort som heiter «Gigante D» Italia». Namnet passa godt, for stor blei han!

Her er OPPSKRIFTA:

Ingrediensar:

  • 500 gram kokte, kalde poteter (Det er best å bruka faste poteter som ikkje er kokte sund…)
  • 3 ss olivenolje
  • 1 ss eplecidereddik
  • 2 ts sennep, gjerne Dijon
  • 5 ss finhakka bladpersille
  • Litt salt og peppar, opp til din smak kor mykje.

Framgangsmåte:

  1. Skrell potetene og skjer dei i passelege bitar.
  2. Dryss på peppar og bittelitt salt..
  3. Bland sennep, olje og eddik til dressing.
  4. Bland poteter, persille og dressing.
Potetsalat, råkostsalat, tranebærsaus og nøttesteik.

Potet&persillesalaten blei servert til restane av nøttesteik saman med tranebærsaus og råkostsalat.

Nøttesteika eg lagar kvar jul med kastanjer, nøtter og rødvin er god også kald. Som paté!

Vil du prøva denne til nyttårsfeiringa, bruk halvparten rødvin og halvparten sherry. Den vrien gjorde eg denne jula, og det var vellukka.

Desse to salatane og tranebærsaus passar også godt til kald kalkun.

LES OGSÅ:

DEN STORE KALKUNMIDDAGEN

MONAS RØDKÅL

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: