Monas rødkål

Monas rødkål

I alle år har eg koka rødkål med eple, rødløk, eddik, rødvin, solbærsirup og karve – gjerne også ein slant gløgg. Men frå nå av går eg over til “Monas rødkål”. Rødkålen bonusdotter mi Mona lagar, er nemleg betre enn min!

Rødare i fargen og friskare på smak.

NB! Det blir ei stor gryte rødkål av denne oppskrifta, slik at du får nok både til nøttesteika/pinnekjøtet/ribba, pluss til kalkunmiddagen. Og vel så det… (kjem an på kor mange dykk er rundt bordet).

Dette treng du:

  • 1 kål på rundt 2,5 kilo
  • 2 syrlege eple
  • 1 dl rød saft (som Herviks ripssaft)
  • 0,5 dl bringebæreddik (du kan også bruka kvitvinseddik eller vanleg eddik)
  • 3 dl vatn
  • 2 ts nellik
  • 2 ts stjerneanis
  • 3-4 kanelstenger
  • 2 appelsinar
  • litt salt og peppar

Slik gjer du:

  1. Finhakk kål.
  2. Rasp eple.
  3. Ha alt bortsett frå appelsin i ei stor gryte.
  4. Skrell appelsinane, skjer i skiver og legg på toppen av det andre.
  5. Kok i  rundt 1,5 time med loket på til kålet blir mjukt.
  6. Kok vidare utan lok i 30 minutt.
  7. Smak til med salt, peppar
Rødkål er ein vakker og herdig grønsaksplante. (Foto: Margunn Ueland)

Knallsunt

Rødkål er jysla sunt. Skal du ha i deg mest mogeleg antioksidantar pr. krone, et rødkål! Kål inneheld meir C-vitaminar enn appelsin pluss masse fytokjemikaliar – plantestoff som held oss friske. Nokre av desse er fargestoffet antocyaniner (mykje billigare å eta rødkål enn Medoxpiller), andre er kreftførebyggjande glucosinolat (svovelforbindelse, kf. lukta).  Og så godt som null kaloriar.

Dei gode tarmbakteriane våre elskar også kål. Plantefiber er nemleg yndlingsmaten til dei bakteriane som me vil ha flest av, dei som held oss friske.

Kokar du rødkålen sjøl, er det reine helsekosten.

Heimelaga rødkål er ein del av

God saus må til: TO SMAKFULLE, FEITTFRIE SAUSAR TIL KALKUN

og ein frisk og fruktig salat: RUBINSALAT



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: