Romjulssmoothie med tranebær og fiken

Romjulssmoothie med tranebær og fiken

Syrlege, supersunne tranebær og kirsebær gir rødfargen på denne smoothien som er søta med fiken og honning og gjort kremete med kokosmjølk.

Sova godt må me, verkande ledd og musklar vil me ikkje ha, og urinveisinfeksjon vil me unngå. Så lag deg denne! Sjå helsefordelar nederst i innlegget.

Eg elskar bær! Et minst ein kopp til dagen. Enten på havregrauten eller i smoothiar. På denne tida er me så heldige at me kan få kjøpt tranebær i gode matbutikkar, så då nyttar eg høvet til å fylla ei skuffe i fryseskapet. Eg likar så godt den sure, litt bitre, særeigna smaken. Og fargen er jo nydeleg.

Iskalde drikkar klarer eg ikkje. Derfor er dei frosne bæra blanda med eit krus varm eple&kanelte: Ikkje svart te tilsett smak, men fruktte frå London Fruit&Herb Company. Du får kjøpt slik te i helsekostbutikkar eller i gode matbutikkar.  Set god smak på smoothien, og i motsetning til eplejuice, inneheld teen ikkje sukker.

INGREDIENSAR:

  • 1 eple
  • 2 dl frosne tranebær
  • 2 dl frosne kirsebær
  • 1 krus fruktte – “Apple&Cinnamon Twist frå London Fruit&Herb Company . Alternativ:  1/2 eple og ein kopp varmt vatn
  • 2 fiken
  • 1 ts honning
  • 1 dæsj malt nellik
  • 3 ss økologisk kokosmjølk

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Trekk teen i 5 minuttar med fiken i slik at dei blir mjuke.
  2. Ha frosne bær i blendar.
  3. Hell over epleteen.
  4. Tilsett resten av ingrediensane og køyr!

Det blei 6,5 dl herleg smoothie, nok til 1,5 store glas av typen du ser på biletet.

Helsefordelar 

Tranebær inneheld lite sukker, godt med fiber og vitaminane C, A og K, samt E, fleire B-vitaminar, kalium, kalk og magnesium. Sist, men ikkje minst:  Anthocyaninar: Det røde, blå og lilla fargestoffet som også fins i mellom anna kirsebær, blåbær, solbær,  rødkål og skalet på aubergine, og som hjelper til med å halda oss friske og unge og motverka betennelse i kroppen.

I fylgje Medical News Today, har forskning vist at tranebær kan førebyggja urinveisinfeksjonar, ha “positive impact on” fleire krefttypar og redusera risken for hjartesjukdom.

Kirsebær inneheld også melatonin, som er bra for god søvn.

SKÅL!

VARIANT (som nok ungar vil lika betre):  Bruk 1 dl tranebær, 1 dl kirsebær og 2 dl bringebær i staden for 2 dl tranebær og 2 dl kirsebær.

Prøv gjerne også denne gode grauten til frukost!

Eller denne gode frukostblandinga (granola). Hugs å toppa med bær og frukt! I dag skal eg ha på kiwi, banan og granateple – skikkeleg luksus med granateple..  Skal bli herleg!



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: