Råkostsalat, perfekt til restemat

Råkostsalat, perfekt til restemat

Frisk, syrleg og sunn er denne råkostsalaten som passar ypperleg både til kald og varm mat. Til restane av nøttesteika for eksempel. Eller til brødskiver med dei siste restane av  sylte og anna julepålegg. Et gjerne ei stor skål til lunch!

Det aller beste kålet til råkostsalat, er lilla spisskål “Kalibos”. Dessverre får du ikkje kjøpt det i butikken, så skriv ned namnet og bestill frø!

Heldigvis hadde eg eitt i kjøkkenhagen. Eg hadde med vilje lete det stå ute til nå for å finna ut koss det ville greia seg.  Me har hatt fleire netter med nokre få frostgrader.

Dei ytterste balda var litt “herpa”, men dei var det bare å fjerna. Inni var det like fint som dei eg plukka inn i haust. Godt å vita. Ikkje bare er dette eit vakkert og smakfullt kål, herdig er det også.

Spisskål “Kalibos”. Nokre småkryp har gnaga litt her og der, men det er bare å fjerna dei ytterste blada.

Kålet de ser på dette biletet, planta eg ut fyrste veka i juli etter at me tok opp tidlegpotet “Arielle”.

De som ikkje er så heldige å ha slikt kål i hagen, får bruka eit vanleg rødkål…

Her er oppskrifta. NB! Blir ei stor skål råkostsalat, mykje større enn den vesle rosa skåla på det fyrste biletet. Men det er greit å ha litt til dagane framover. Har nemleg att nokre skiver steikte kalkun i kjøleskapet.

Ingrediensar:

  • 1/2 kilo lilla spisskål “Kalibos”
  • 5 små epler (eg har ennå att nokre av eplene frå “Summerred”-treet i kjøleskapet)
  • 1/4 sitron
  • 1 tjukk skive ingefærrot
  • 1 ts kokosblomsukker (viss du har, ikkje viktig)
  • 2 ts eplecidereddik
  • 2 ss olivenolje
Blir masse salat av dette! Mykje meir enn det du såg i den vesle rosa skåla…

Framgangsmåte:

  1. Kjør spisskålen i kjøkkenmaskinen til det er finhakka, eller finhakk med skarp kniv.
  2. Skjer 5 epler i små bitar
  3. Skvis sitronen over eplene.
  4. Finhakk ingefærrota.
  5. Rør sukkeret ut i eddik, bland med olivenolje.
  6. Bland alt godt.
Dette skal bli godt! Treng litt råkost etter tunge julemiddagar..

VARIASJON:

Det er godt med hasselnøtter i denne salaten.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: