Pepparkakegraut med tyttebær

Pepparkakegraut med tyttebær

Eg er så glad i havregraut! Både sunt og godt, lettvint og mettande. Billig er det også. Godt alternativ til brødskivene me nordmenn et både til morgons og kvelds. Grå og kjedeleg graut? Nei, slett ikkje! Du kan tilsetja både fargeglade bær og frukt, vera kreativ med krydder. Prøv nye variantar!

Favoritten min nå før jul, er denne med pepparkakekrydder, rosiner og tyttebær. Pluss knuste linfrø og hasselnøtter. Fyrste gong eg laga denne, var eg vel raus med nelliken (masse antioksidantar, sjå nederst). Dermed vart grauten heitande “pepparkakegraut”.

Tek maks 5 minutt å laga denne. Oppskrifta er til to personar.

Ingrediensar:

  • 2 dl store havregryn
  • 2 dl vatn
  • 1 klype salt
  • 2 ts kanel
  • 2 ts ingefær
  • 1/2 ts nellik
  • 2 dl H-mjølk
  • 2 ts lønnesirup
  • 4 ss rosiner
  • 2 dl tytebær
  • 2 ss kuste linfrø
  • 2 ss hasselnøtter

Framgangsmåte:

  1. Ha havregryn, vatn og krydder i gryta og kok opp.
  2. Rør, skru ned varmen.
  3. Ha i mjølk, lønnesirup og rosiner og kok i eit par minutt til slik at grauten blir passe tjukk.
  4. Rør inn linfrø.
  5. Har du frosne tytebær, rør inn dei slik at dei blir lunka/varme.
  6. Server med hasselnøtter.

Sidan det er både rosiner og lønnesirup i grauten, treng du ikkje strø sukker på! Dei verste søtmonsane kan eventuelt også få nokre skiver banan.

Har du ikkje tytebær, bruk andre bær (eg har alltid ulike slag bær i fryseboksen), eller oppskåren frukt. Eple og kiwi er friskt og godt.

Har du ikkje hasselnøtter, bruk andre nøtter eller mandlar.

Superkrydder

Visste du forresten at det er ekstremt mange antioksidantar i nellik?

Langt meir enn i blåbær, for eksempel. Blåbær inneheld 6-8 mmol pr. 100 gram, mens tørka og malt nellik ligg på 465,32 mmol pr. 100 gram går det fram av ein omfattande analyse av totalinnhaldet av antioksidantar i over 3000 ulike matvarer.  Professor Rune Blomhoff og hans forskingsgruppe ved Avdeling for ernæringsviteskap ved Universtitet står bak analysen.

Koss kjem tyttebær ut samanlikna med blåbær? Norske ville blåbær ligg altså på rundt 8. Fryste dessertbær frå Polen  ligg på 7.13. Store dyrka hageblåbær av sorten “Hardyblue” får resultatet 3,96.

Ville norske tytebær: 5,00. Frosne tytebær frå Polen: 4.98.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: