Mine beste pepparkaker

Mine beste pepparkaker

Her får du oppskrifta på dei pepperkakene eg har baka kvar jul dei siste 31 åra. Veldig gode! Og ikkje ein einaste prikk peppar i deigen…

Eg har aldri forstått at folk har brukt ferdig deig, for det går mykje raskare å laga deigen sjølv enn å dra til butikken for å kjøpa. Det som tek tid, er utbaking og steiking, men det er jo ein viktig del av førjulskosen!

DETTE TRENG DU:

  • 400 gram mørk sirup (Sirup er noko kliss. Kan ikkje dei som produserer sirupsboksane, klekka ut ei betre ordning? Med helletut og merkestrek for kvart 100 gram, takk. )
  • 200 gram farin (uæh! eg likar det ikkje….)
  • 200 gram smør (eller 2 dl rapsolje viss du skal laga vegansk versjon.)
  • 1,5 dl fløyte (fløyte av havre eller soya fins å få kjøpt viss du skal laga vegansk versjon)
  • 650 gram kveitemjøl (+ litt til utbakinga)
  • 1 ss malt ingefær
  • 3 ts malt nellik
  • 1 ts kanel
  • 1 ts natron

SLIK GJER DU:

Smelt smør/olje, sukker, og sirup på svak varme i ei gryte med tjukk botn.  Rør og la stå nokre minutt til sukkeret er heilt oppløyst.

Smelt smør/olje, sukker og sirup i gryte på svak varme. Sukkeret skal løysa seg heilt opp. (Fotos: Margunn Ueland)

I mens måler du opp mjøl og blandar det med krydder og natron i ein bakebolle. Eg er glad i krydder, så eg tek litt ekstra…

Bland mjøl, krydder og natron i ein bolle.

Når sukkeret i gryta er oppløyst, tek du gryta av plata og heller i fløyten. Rør til det blandar seg godt.

Tøm så mjølblandinga i gryta og rør godt med ei tresleiv. Deigen skal sleppa gryta etter at du har rørt ei stund. Viss ikkje han gjer det, tilsett litt og litt mjøl til om gongen.

Deigen skal “sleppa” gryta.

Ha så deigen over i ein bolle og set den kaldt over natta.

Deig klar til avkjøling.

Neste dag bakar du. Deigen er då temmeleg hard. Strø litt mjøl på reinskurt kjøkkenbenk. Ta ein klump om gongen og kjevla ut så tynt som du kan/vil.

La resten stå i kjøleskapet. Kald deig er lettare å kjevla og stikka ut enn romtemperert.

Eg kjevlar deigen temmeleg tynn, men ikkje så tynn at det blir vanskeleg å flytta kakene over på steikebrettet.

Stikk ut med pepparkakeformer.

Legg på steikebrett med bakepapir.

Steik på 180 grader i rundt 8 minuttar.

Pepparkakene skal blir sprø, ikkje mjuke inni. Gylne, ikkje brunare enn dette.

La avkjøla på rist før du puttar pepperkakene i kakeboksar.

Denne deigen er nok til 3 kakeboksar – sjå det øverste biletet.

NB! Eg brukte rundt to timar på utbaking og steiking. Set av meir tid om du bakar i lag med ungar!

Eg synes pepparkakene smakar best utan meliskliss, nonstop og seigemenn. Men pynt gjerne, om du likar det!

FLEIRE OPPSRIFTER PÅ JULEMAT:



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: