Kokos- og valnøttruter med sjokolade

Desse smakar meir som konfekt enn tørre julekaker og inneheld bare sunne ingrediensar. Attpåtil går det fort å laga dei. Ingen uttrilling, kjevling eller steiking. Mest for godt til å vera sant?
Her er oppskrifta:
DETTE TRENG DU:

Til nøttebotnen:
- 2,5 dl valnøtter (har du ikkje nok valnøtter, bland med mandlar eller hasselnøtter)
- 2,5 dl kokosmasse
- 2 dl dadlar utan stein (tilsvarar 1 lag dadlar i ei vanleg øskje med dadlar)
- 2 dråpar vaniljeessens
- 1 ts kanel
- 1 ts ingefær

Til sjokoladetrekket:
- 1 dl økologisk, kaldpressa kokosnøttolje (du får kjøpt i helsekostbutikk).
- 1 dl råkakaopulver (du får kjøpt i helsekostbutikk).
- 0,75 dl lønnesirup
- 1 ss kokosblomsukker (viss du har, men ikkje nødvendig)


Til pynt:
Valnøttkjerner
Eg hadde også nokre gojibær liggjande i ei skuff som eg brukte.
FRAMGANGSMÅTE:
- Fjern steinane i dadlene. Ha dadler, kokosmasse og valnøtter i kjøkkenmaskin saman med vaniljeessens og krydder. Kjør til det blir ein grovkornete deig.
- Trykk deigen ned i ei lita firkanta form som du har smurd med kokosolje. Glatta til med ein slikkepott, slik at det blir flatt og jamnt.
- Set forma i kjøleskapet.
- Smelt kokosolje på svak varme i ei lita gryte.
- Ha i lønnesirup (og eventuelt kokosblomsukker) og råkakaopulver. Rør til alt blir godt blanda og sukkeret har løyst seg opp.
- Ta forma ut av kjøleskapet og hell sjokoladesausen over.
- Putt inn i kjøleskapet att og la stå til det er halvstivna. (Om lag den tida det tek å vaska opp kjøkkenmaskin, slikkepott osv).
- Ta ut forma og pynt med det du vil. Eg brukte valnøttkjerner og gojibær.
- Set forma tilbake i kjøleskapet. La stå til sjokoladetrekket har stivna.
- Skjer så opp i ruter og servér!

KOS DEG!
Gjer ikkje noko om du et opp alt på få dagar, det er fort gjort å laga meir!
Desse kakene kan du også servera til veganarar.
FLEIRE JULEOPPSKRIFTER:
NØTTESTEIK MED KASTANJER OG RØDVIN