Nøttesteik med kastanjer og rødvin

Nøttesteik  med  kastanjer  og  rødvin

Her får du oppskrift på nøttesteika eg serverer på julafta.  Eg laga denne for fyrste gong for 11 år sidan då dotter mi blei veganar. Sjølv har eg vakse opp med pinnekjøt, og lagar framleis det til mann, son og dei gjestene som vil ha det.  Men etter å ha smaka på nøttesteika, fann eg fort ut at eg likte den betre.  Full av mange gode smakar.

INGREDIENSAR:

  • 1 løk
  • 2 stilkar stangselleri
  • 2 ss rapsolje
  • 1 boks kastanjepuré på 439 gram
  • 250 gram cashewnøtter (NB! usalta, eg kjøper på innvandrarbutikkar)
  • 100 gram valnøttkjerner
  • 150 ml rødvin
  • 1 ss cognac
  • 3 ss hakka persille, best med bladpersille
  • 2 ts tørka salvie
  • 1 ts tørka timian
  • 2 ss soyamjøl  som du rører ut i litt vatn
  • salt, peppar, bittelitt allehånde og nellik

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Skrell og hakk løk.
  2. Skjer selleristang i små bitar.
  3. Surr løk og selleristang på panne i rapsolje på middels til svak varme til dei blir mjuke og gyle, ikkje brune.
  4. Mal valnøtter og cashewnøtter i ein kjøkkenmaskin til dei blir pulveriserte.
  5. Bland nøttepulver, kastanjepuré, soyamjølblanding, vin og cognac i ein bolle.
  6. Rør inn urter og selleri&løk-blanding.
  7. Krydra med salt, peppar, allehånde og nellik. NB! Bare eit lite dryss nellik!
  8. Set omnen på 190 grader.
  9. Ha «deigen» i ei godt smurd brødform. Dekk med aluminiumsfolie.
  10. Steik i omlag 1 time. Ta så ut forma og fjern folien.
  11. Steik vidare i omlag 15 minuttar. Nøttesteika skal vera fast i midten og brun som ei hasselnøtt.

Eg serverer nøttesteika med tranebærsaus. Fargen er så fin, og smaken frisk og god.

Grønsaker til er rosenkål, rødkål, kålrabistappe (kålrotmos) og gode jordeple (poteter).  Omnsbakte gulerøter og pastinakk er også godt.

Dette er ei mettande steik. Restane er gode som pålegg på brødskiver.

Veganar heim til jul?

Det starta altså med at dotter mi blei veganar. Eg måtte finna eit alternativ, og slo opp i ei vegetarkokebok eg kjøpte i 1987 ein gong eg hadde besøk av Pamela, mi amerikanske AFS-syster.

Rose Elliot: «The New Vegetarian Cookbook» (utgitt 1986):  «The first cookery writer to prove that vegetarian food is definitely not just a load of old lentils.»

Der sto ei oppskrift som eg tok utgangspunkt i. I denne er det både 100 gram Cheddarost og 2 egg. Vegetarianarar et ikkje kjøt.  Veganarar et korkje kjøt, egg eller meieriprodukt. Derfor kuttar eg ut osten, og brukar 2 ss soyamjøl rørt ut i litt vatn i staden for  egg. I staden for smør, brukar eg rapsolje.

Eg synes også det smakar godt med litt meir selleri,  urter og krydder i enn i hennar oppskrift. Og sidan ein boks med kastanjepuré er på 439 gram, brukar eg heile boksen og heller litt mindre cashewnøtter.

Her er Rose Elliots oppskrift:

  • 1 løk
  • 1 stilk selleri
  • 4 kvitløkfedd
  • 25 gram smør
  • 350 gram kastanjepuré
  • 350 gram cashewnøtter
  • 100 gram valnøtter
  • 100 gram Cheddarost
  • 150 ml rødvin
  • 1 ss brandy
  • 3 ss hakka persille
  • 1/2 ts tørka timian og basilikum
  • 2 egg
  • Salt og peppar.

Framgangsmåten er den same.

Sidan eg aldri lagar korkje julenøttesteika eller pinnekjøt før sjølve julafta, har eg jo inga nøttesteik å ta bilete av. Derfor har eg fotografert biletet i boka. Nøttesteika står fremst til venstre.

HER FÅR DU OPPSKRIFT PÅ DEILEGE – OG SUNNE! – KONFEKTKAKER.

DESSE PEPPARKAKENE ER KNALLGODE! 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: