Nøttebrød med sunt sjokoladepålegg

Nøttebrød  med  sunt  sjokoladepålegg

Her får du oppskrift på to næringstette brød utan gluten og kveitemjøl pluss oppskrift på proteinrikt sjokoladepålegg utan sukker. Et du to skiver slikt brød med dette pålegget, held du deg mett minst dobbelt så lenge som om du et vanleg kneippbrød med syltetøy.

Sjokoladepålegget fann eg oppskrift på i Mari Hult (Vegetarbloggen) si nye kokebok «Sykt enkelt».  Pålegget er rett og slett hummus blanda med kakaopulver og søta med dadlar. For ein god idé! Ergrar meg litt at eg ikkje fann på det sjølv, så glad som eg er i både kikerter og sjokolade..

Kjempegodt! Og tenk så bra med eit sjokoladepålegg rikt på protein, fiber, antioksidantar (frå sjokoladepulver) og sunt fett.

SJOKOLADEHUMMUS

Ingrediensar:

  • 8 medjooldadlar
  • 1 boks/kartong kikerter (ca. 4 dl)
  • 1 dl kakaopulver
  • 1 ts vaniljeekstrakt eller vaniljepulver
  • 3 ss mandelsmør eller peanøttsmør
  • 1-3 dl vatn

Framgangsmåte:

  1. Fjern steinane frå dadlene. Medjoldadlar er store (og dyre) dadlar som ligg til sals i laus vekt.  Eg brukte heller ti av dei meir vanlege som ligg i pappøskje.
  2. Sil av laken av kikertene og skyld dei godt i kaldt vatn.
  3. Ha alle ingrediensane i kjøkkenmaskin og køyr til du har ei jamn blanding.
  4. Spe med 1-2-3 dl vatn til du har ein kremete konsistens.

Ps: Eg tok også i ei skei med tahini.

Haldbar vel ei veke i kjøleskap. Oppskrifta blei nok til to slike glas som du ser på biletet.

Mmm, nysteikte brød og ferskt sjokoladepålegg.. Frøbrød til venstre, nøttebrød til høgre. (Foto: Margunn Ueland)

Brød

Brøda er laga av nøtter, frø, egg og olivenolje. Stappa av protein, fiber og sunt feitt. Oppskriftene fann eg i «Sunnheten på bordet» av René Zografos og Niels Christian Geelmuyden.  Men eg endra litt på den eine oppskrifta.. Veldig lett og fort gjort å laga!

FRØBRØD MED MANDLAR OG HASSSELNØTTER

  • 6 egg
  • 200 g sesamfrø
  • 150 g knuste linfrø
  • 100 g graskarkjerner
  • 100 g heile mandlar
  • 100 g heile hasselnøtter
  • 1/2 dl olivenolje
  • 1/4 ts salt

Framgangsmåte:

  1. Set omnen på 160 grader.
  2. Pisk egg i ein bolle.
  3. Tilsett alle ingrediensar og bland godt.
  4. Dekk ei brødform med bakepapir og hell deigen i formen.
  5. Steik brødet midt i omnen i 60 minutt.

Koss smakte det? Litt beiskt, synes eg, – sesamfrøa vart for dominerande. Neste gong eg bakar dette, tek eg heller 100 gram sesamfrø og 100 gram solsikkefrø.  Kanskje også litt mindre olivenolje.

Eg likte heilt klart betre nøttebrødet. Her kjem fyrst oppskrifta frå boka, så min versjon.

GROVT NØTTEBRØD

  • 6 egg
  • 100 g heile mandlar
  • 100 g heile hasselnøtter
  • 100 g valnøtter
  • 100 g solsikkekjerner
  • 100 g linfrø
  • 100 g sesamfrø
  • 100 g pinjekjerner
  • 100 g gresskarkjerner
  • 1/2 dl olivenolje
  • 1/4 ts salt.

Det var oppskrifta frå boka. Etter å ha baka frøbrødet, hadde eg ikkje meir hasselnøtter, så eg brukte cashewnøtter i staden.  Pinjekjerner hadde eg heller ikkje, så eg brukt heller rosiner! Tenkte det ville smaka godt, og det gjorde det!

Eg likte best nøttebrødet til venstre. Var godt med cashewnøtter og rosiner i. Frøbrød til høgre. (foto: Margunn Ueland)

Dermed blei oppskrifta slik:

NØTTEBRØD PÅ MIN MÅTE:

  • 6 egg
  • 100 g heile mandlar
  • 100 g heile cashewnøtter
  • 100 g valnøtter
  • 100 g solsikkekjerner
  • 100 g graskarkjerner
  • 100 g linfrø
  • 100 g sesamfrø
  • 100 g rosiner
  • 1/2 dl olivenolje
  • 1/4 ts salt.

Framgangsmåte:

  1. Set omnen på 160 grader.
  2. Pisk egg i ein bolle.
  3. Tilsett alle ingrediensar og bland godt.
  4. Dekk ei brødform med bakepapir og hell deigen i formen.
  5. Steik brødet midt i omnen i 60 minutt.

Eg trur eg må baka dette til jul! Då vil eg laga eitt med cashewnøtter og rosiner og eit med hasselnøtter og tyttebær..

Mens eg har framme frø og nøtter, og omnen er varm, likar eg også å laga ny porsjon Frokostblanding. Her er oppskrifta på SNADDER FROKOSTBLANDING.

HER FINN DU OPPSKRIFTER PÅ MEIR BAKST. 

OG HER ER ENDÅ FLEIRE. 

 

 

 

 

 



2 kommentarar om “Nøttebrød med sunt sjokoladepålegg”

  • Oi, oi! Det var godt pålegg 😊. Dette vel borna like. Ikke så lett å finne veganske pålegg som fell i smak. Men eg oppdaga ikkje det med vatn før eg hadde laga ein veldig tjukk deig, som eg lurte på korleis eg skulle få utover brødskiva 😂. Kanskje du bør skrive det inn i ingredienslista?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: