Lettvint graskarsuppe med ingefær, kokos og appelsin

Lettvint  graskarsuppe  med  ingefær,  kokos  og  appelsin

Ingefær set ein ekstra spiss på denne rike, gylne graskarsuppa med kokosmjølk som du lagar på under ti minuttar.

Graskarpuréen kan du laga dagen før. Det er bare å skjera eit graskar opp i båtar og baka dei i omnen i vel 20 minuttar til det oransje «fruktkjøtet» er mjukt. Så skrapar du det ut av skalet med ei skei og rører rundt – brukt eventuelt ein gaffel, så har du mos/puré.

Etter rundt 20 minuttar i steikeomnen var det bare å skrapa av graskarkjøtet frå skalet og mosa det med ein gaffel.

Med ferdig puré, tok det bare snautt ti minutt å laga suppa:

Ingrediensar:

  • 7 dl graskarpuré
  • 5 dl kraft/buljong (nå hadde kraft kokt på kraftbein, andre gonger brukar eg 5 dl vatn og 2 ts økologisk buljongpulver)
  • 3 dl kokosmjølk (frå boks)
  • 1 stor ss finraspa ingefærrot
  • ci 1/2 ts muskattnøtt
  • 1 ts gurkemeie (krydder i pulverform)
  • 1/2 ts peppar
  • Juice frå 1 appelsin

Framgangsmåte:

  1. Bland alt bortsett frå appelsinjuice og kok opp.
  2. La småkoka vel 5 minuttar.
  3. Ha oppi appelsinjuice og ta gryta av plata.
  4. Smak og kjenn om du treng å ha i litt salt og evt. meir peppar.

Så lett var det.

Om du vil, kan du rista nokre graskarkjerner lett på ei panne og bruka det som «topping». Gjerne også ein «swirl» kokosnøttmjølk. Då ser det meir ut som ei suppe du får servert på restaurant.

Eg sette bare gryta på bordet…

Server gjerne med godt brød til. Her er oppskrift på eit lettvint, eltefritt og hevingsfritt brød som eg bakar kvar veke. 

Nokon som veit kva sort graskar dette er? (Foto: Margunn Ueland)

Graskaret eg brukte, var dette rosa-oransje som du ser her. Eg veit dessverre ikkje kva sort det er, eg fekk frø av @annemorshage, og ho veit heller ikkje..  Du kan sjølvsagt bruka andre graskar – såkalla flaskegraskar  og Hokkaidograskar er gode å laga suppe på. «Man tager hva man haver».

Graskarmuffins. Stikk gjerne ned ein sjokoladebit, ein eplebåt eller eit kirsebær. (Foto: Margunn Ueland)

Når eg fyrst var i gong, laga eg puré av eit heilt graskar. Det blei 1,4 liter. Halvparten brukte eg i denne suppa. Den andre halvparten kan du frysa eller ha i pannekake- og eller muffinsrøre.

Klikk her, så får du oppskrift på gylne graskarmuffins.

Klikk her, så får du oppskrift på pannekaker med graskarmos.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: