Margunns kjøkkenhage i julepresang

Margunns  kjøkkenhage  i  julepresang

FØRJULSTILBOD:  Mange hadde håpa boka mi kom ut før jul, men lanseringsdatoen er den 5. februar. Du får likevel sjansen til å gje boka i julegåve.  Du kan nemleg kjøpa eit fint gåvekort av meg.  Den du gir kortet til, får boka rett heim i postkassen i starten av februar – nokre dagar før ho kjem til sals i bokhandlarane. Kortet kostar 399 kroner.

Tittelen på boka er «Margunns kjøkkenhage -Fersk mat året rundt».

På framsida står det bare GAVEKORT med fine bokstavar. Innsida av kortet ser slik ut:

Mange har lyst til å gje boka mi i julepresang. Men boka kjem ikkje i butikkane før i februar. Men nå kan du gje dette gåvekortet til jul! Her ser du innsida av gåvekortet.

Og slik ser baksida  av gåvekortet ut:

Boka har føreord + 12 kapittel – eitt for kvar månad.

Boka blir levert fraktfritt og signert av meg.

Slik bestiller du

For at du skal få gavekortet, og for at den du vil gje det til skal få boka heim i postkassen, må du gjera dette:

  1.  VIPPS betaling for boka, kroner 399,- til mitt telefonnummer: 99261158. MERK med namn på givar.
  2. Send så epost til margunn.ueland@gmail.com der du fyller ut namn, adresse (gate, postnummer og stad) og mobilnummer til GIVAR (den som skal GJE gåvekortet) og til MOTTAKAR (den som skal FÅ gåvekortet til jul og dermed boka heim i postkassen). NB! Viktig at eg får info om BÅDE givar og mottakar.
  3. Merk e-posten; dvs. i emnefeltet på mailen skriv du Gavekortbestilling.
  4. Tidsfrist: Eg må motta e-post med bestilling frå deg innan den 14. desember.

Gåvekortet sender eg så heim til GIVAR innan julefristen til posten (16. desember). Namn på mottakar fører eg opp på ei liste som forlaget får. Forlaget sender så boka heim i postkassen til MOTTAKAR på nyåret straks boka kjem frå trykkeriet – før ho kjem i butikkane.

Skal du gje gåvekort til fleire, må du sjølvsagt oppgje namn, adresse og mobilnummer på alle.

Ok då, du kan også bestilla gåvekort og bok til deg sjølv:). Skriv då ditt namn og adresse og telefonnummer både som givar og mottakar.

Om boka

Boka er nærmast ei dagbok om kva eg gjer og kva som skjer i Margunns kjøkkenhage (min eigen hage og Leikeplasshagen) året rundt, månad for månad, ja veke for veke og mest dag for dag i den mest hektiske «våronna».

Håpet mitt er at det skal vera til nytte og inspirasjon både for deg som alt har kjøkkenhage (enten den er liten eller stor) og for deg som har lyst på kjøkkenhage.

Dette biletet av naboguten Alvin og meg er eit av bileta i boka eg likar best. Fotograf Jan Inge Haga tok det ein fin septemberdag naboguten Alvin fekk hausta det største graskaret i Leikeplasshagen.

Gled deg til bileta: Dei aller fleste er tekne av den dyktige profesjonelle fotografen Jan Inge Haga.  Nokre få har eg teke sjølv.

Dette skal vera ei bok som du kan kosa deg med, gild å bla i, gild å lesa, og ei bok du kan slå opp i månad for månad når du lurer på noko.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: