Her er framsida på boka mi

Her  er  framsida  på  boka  mi

JUHU! Nå er framsida på boka mi klar! Det var dette biletet av meg der eg står og «kosar» med mine kjære, fargerike bladbeter (mangold), me landa på.

Fotograf Jan Inge Haga som eg har laga denne boka saman med, tok dette biletet i september i år.

Det er Jæren forlag som gir ut boka. Tittelen er «Margunns kjøkkenhage» med undertittelen «Fersk mat året rundt».

For dette er nærmast ei dagbok om kva eg gjer og kva som skjer i Margunns kjøkkenhage (min eigen hage og Leikeplasshagen) året rundt, månad for månad, ja veke for veke og mest dag for dag i den mest hektiske «våronna».

Håpet mitt er at det skal vera til nytte og inspirasjon både for deg som alt har kjøkkenhage (enten den er liten eller stor) og for deg som har lyst på kjøkkenhage.

Lanseringsdatoen er også bestemt: Den 5. februar 2019.

DU KAN LIKEVEL GJE BOKA I JULEPRESANG: GJE DETTE GÅVEKORTET, SÅ FÅR DEN DU GIR DET TIL BOKA HEIM I POSTKASSEN PÅ NYÅRET. KLIKK HER FOR Å SJÅ GÅVEKORTET OG LES KOSS DU BESTILLER. PRIS 349,- FRIST: 13. desember. BOKA BLIR SENDT FRAKTFRITT. 

HER KAN DU LESA MEIR OM BOKA.

 

 



4 kommentarar om “Her er framsida på boka mi”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: