Ti herdige og gode grønsaker som eg ennå kan hausta av

Ti  herdige  og  gode  grønsaker  som  eg  ennå  kan  hausta  av

Kraftig krusete grønkål og fargesprakande bladbeter (mangold) er blant dei ti grønsakene eg ennå kan hausta til trass for at november går mot slutten.

Svartkålen står også flott – det er ein grunn til at denne også blir kalla palmekål – ser ut som ein minipalme.

Eg har også spart eit savoykål og eit stort lilla spisskål av sorten «Kalibos».

Alle desse grønsakene er så fine å sjå på, at eg har mest ikkje lyst til å plukka dei inn. Litt trist med nakne bed….  Må ha noko livskraftig og fargerikt i mørketida, det muntrar meg opp.

Så eg plukkar bare litt her og der.

Herleg! Skulle ynskja du kunne ha kjent kor godt det luktar! (Foto: Margunn Ueland)

Rødbeter og sellerirøter har eg framleis nokre av. Eg tok inn mesteparten i oktober  – i tilfelle det skulle bli for mange kuldegrader mens eg drog på ei vekes ferie. Let nokre stå att, og dei har greidd seg fint. Rett nok hadde eg gitt dei ei dyne med lauv.

Alle desse grønsakene bortsett frå sellerirøtene planta eg ut i starten av juli etter opptak av jordeple (poteter) og løk. Eg hadde sådd dei sju- åtte veker tidlegare.

Kva tid eg sådde sellerirøtene? I starten av februar 2018! Sellerirot tek nemleg lang tid… Men verd å venta på. Både lukta og smaken av ferske, heimedyrka sellerirøter er fantastisk!

Gulerøtene står ennå grøne. Bladpersille lenger bak på biletet til venstre og til høgre. (Foto: Margunn Ueland)

Gulerøtene eg sådde i juli etter opptak av kvitløk, står også med grønt lauv. Men dei er veldig små… Eg burde ha vore flinkare til å tynna. Eg overlet det til ungane – tenkte dei kunne nappa opp litt etter kvart når dei fekk lyst.

Bladpersille «Gigante D’Italia», held seg ennå grøn å fin. Ein super sort, stor og kraftig, med velsmakande, glatte blad. (Ikkje grønsak, men ein urt, om rett skal vera rett…) Årets beste krydderurt!

I tillegg prøvde eg meg på å så lilla knutekål, kvitkål/hovudkål og ny runde «Kalibos» i sommar som eg planta ut i starten av august.

Knutekål «Wiener Blå». (Foto: Margunn Ueland)

Knutekålen rakk å bli ferdig. Blei ikkje store akkurat, men søte og gode på smak.

For seint

Kvitkål «Brunswick» rakk ikkje å danna skikkelege hovud før mørketida, men flotte er dei! (Foto: Margunn Ueland)

Men det var for seint for hovudkål og spisskål – dei har ikkje rukke å danna skikkelege «hovud» ennå, bare store dekkblad og starten på «hovud» og «spiss».  Ja, ja, så lærte eg det. Kuldegradene i slutten av oktober og i starten av denne veka har dei tolt, og november har vore mild. Men dei har fått for lite lys.  Glad eg prøvde meg uansett, både fordi eg fekk erfara at det var for seint, men ikkje minst fordi dei pyntar opp i Leikeplasshagen.

Når gatelyset står på om kveldane, ser blada skinande og litt trolske ut.

Blir spanande å sjå kor mange kuldegrader dei toler. Kanskje dei klarer seg gjennom vinteren og tek til å veksa vidare når det lysnar til våren?

Tolte ikkje frost

New Zealandsk spinat bukka under for frosten. Spisskål «Kalibos» og kvitkål «Brunswick» greier seg. (Foto: Margunn Ueland)

Vanleg bladspinat pleier å tola ei kuldegrad eller to. Men det gjorde ikkje den New Zealandske spinaten. Synd, for han grodde som bare det etter utplanting på seinsommaren. Hadde mykje glede av den. Skulle gjerne ha laga fleire paiar med spinat og søtpotet..

LES MEIR:

Om dyrking av sellerirot: Selleri, sellera!

Om seriedyrking: Slik får du masse grønsaker fire veker etter potetopptaket

Har du ikkje sett kvitløk, er det ennå ikkje for seint så sant jorda ikkje er stivfrosen der du bur. 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: