23 varselsignal på at stressnivået ditt er for høgt

23  varselsignal  på  at  stressnivået  ditt  er  for  høgt

Driv du også rovdrift på deg sjølv? Eg har fått «bakoversveis» meir enn ein gong når eg oppdagar kor mykje stress folk utset seg for. Det er ofte personar som utrettar utruleg mykje, men å gira ned og setja av litt tid innimellom til å ta betre vare på seg sjølv, klarer dei ikkje.  Til trass for at kroppen fortvila prøver å senda ut signal etter signal på at det belastninga er for stor.

Men eg forstår dei jo så godt. Eg er jo slik, eg også. Men eg har gått på nokre smellar og lært litt på 62 år, så eg har blitt betre. Eg øver meg i alle fall.

Utdanninga til helsecoach ved Institute for Integrative Nutrition har også hjulpe meg med å forstå kor viktig det er at stressnivået ikkje blir for høgt.  Det går nemleg ut over både trivsel, fysisk og psykisk helse og påverkar oppførselen vår negativt.

Her er 23 teikn på at stressnivået ditt bør ned:

  1. Problem med å konsentrera deg.
  2. Vanskeleg for å bestemma deg.
  3. Negativt syn på livet.
  4. Engstelege tankar.
  5. Konstant bekymring.
  6. Humørsjuk.
  7. Irritert, kort lunte.
  8. Lett for å bli sint, ikkje i stand til å slappa av.
  9. Du kjenner deg overvelda.
  10. Du kjenner deg einsam og isolert.
  11. Deprimert, ulukkeleg.
  12. Du har vondt både her og der. (Verk, smerter).
  13. Diaré eler forstoppelse, mage-tarm-problem.
  14. Kvalm, svimmel.
  15. Brystsmerter, raske hjarteslag/puls.
  16. Manglande lyst på sex.
  17. Du blir ofte forkjøla og får lett influensa.
  18. Du et meir enn til vanleg eller mindre (mistar matlyst).
  19. Du søv for lite, eller for mykje.
  20. Du isolerer deg.
  21. Prokrastinerer eller neglisjerer oppgaver/ansvar.
  22. Brukar alkohol, piller eller andre stoff for å få slappa av.
  23. Nervøse vanar.

Har du ein eller meir av desse symtoma, stopp opp litt og tenk om det er noko du kan endra på for å få ned stressnivået.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: