Stress: Har du ikkje tid til å ta det med ro?

Stress:  Har  du  ikkje  tid  til  å  ta  det  med  ro?

Fnys! Eg har ikkje tid! Det var lenge min umiddelbare reaksjon når folk sa «ta det med ro» til meg. Dessutan kunne eg knapt tenkja meg noko meir kjedeleg enn å bare sitja i ein stol og tvinna fingrar. Der var (og er) alltid så mykje eg «må» gjera, «bør» gjera, vil gjera og har bestemt meg for å gjera. Og gjeremåla blir som regel alltid prioritert framføre det å slappa av. Eg er jyseleg dårleg til å slappa av.

Men opp gjennom livet (eg er 62 år) har eg fått meg nokre «midt i fleisen» som gjer at eg innerst inne veit at eg må endra tankesett og handingsmønster. Den eine gongen var i 2003:

Durte bare på

Eg hadde to ungar og jobba som journalist. Forkjølingar og bihulebetennelsar kom tett. Eg køyrde på. Så fekk eg bronkitt og kraftig senebetennelse i begge underarmane. Fyrst var det litt vondt, så verre, – men eg skulle bare—- hadde ikkje tid til å bli sjukemeldt – så eg jobba på. Til slutt kunne eg ikkje trykkja ned ein tast, langt mindre lyfta ein kopp kaffe. Då gjekk eg til legen. Tenkte det bare var å få nokre piller, så ville smertene gå bort.

Men nei. Etter to verker med store dosar betennelsesdempande- og smertedempande piller (og sjukemelding, skrekk og gru), var eg litt betre. To dagar på jobb, så var eg like vond. Så frustrerande! Slik heldt eg på ei tid, så enda det med fleire månader sjukemelding.

Utsleten bak panseret

Eg fekk god hjelp av ein fysioterapeut (Per Søndenå), og gjekk også til ei som dreiv med fotsoneterapi og akupunktur. Ho hadde også bakgrunn som psykiatrisk sjukepleiar. Ei klok dame: Aase Marie Bowitz.

«Me kan prøva å «fiksa deg», men den viktigaste jobben må du gjera sjølv. For det er jo ein grunn til at du har blitt sjuk. Viss du held fram på same måte når armane dine blir gode og bronkitten går vekk, vil det ikkje gå lenge før du blir dårleg igjen», greidde dei å få meg til å forstå.

«Du er i ferd med å bli utsliten», sa Aase Marie. Eg blei mest forbanna: Eg? Slett ikkje! Eg stod jo på som bare det!

Ho sette ei nål på toppen av hovudet mitt. Eg låg der ei stund. Då eg sette meg opp, begynte eg å grina, eg skjøna ikkje kvifor. «Kva er det som skjer?» spurde eg.

«Eg sette ei nål i valiumpunktet ditt og tvinga deg til å slappa av. Du måtte ut av panseret ditt ei lita stund for å kjenna koss du har det. Du er sliten og lei. Gå nå heim og sov», sa ho.

Sova, midt på dagen? Kom ikkje på tale.

«Gå heim og sov», insisterte ho roleg.

Så gjorde eg det. Det var fyrste gongen i mitt liv eg la meg i ei seng eller sofa for å kvila på dagtid (då var eg 46 år). Eg sov i fleire timar.

Ro og kvile, det må me alle ha. Ta deg tid til å stoppa og høyr på susinga i sivet neste gong du går tur.. (Foto: Margunn Ueland)

«Du må læra deg å slappa av»

«Du må læra deg å slappa av», sa ho neste gong. Jo, eg begynte å forstå det, men eg likte det ikkje. Eg synes du skal reisa på Spa-opphald nå som du likevel er sjukemeldt, sa ho. Eg bare måpte: På spa! Reisa frå ungar og mann og hus og… På spa, på luksus, å bli dilla med! Nei, det gjekk då ikkje… Og kva ville mannen min seia til det… Men eg fekk jo litt lyst.

«Det synes eg absolutt du skal», sa mannen. Så då drog eg. To veker på medisinsk spa i Budapest.

Prosjekt: Slapp av.

Joda. Eg sat i boblebad, låg i badstu, fekk massasje og blei innpakka i varm gjørme. Fekk maten servert og rommet vaska. Ingen ting eg måtte og skulle og burde gjera. Treningssenter var der også, med timar i styrke, pilates og yoga. Og hotellet låg på ei øy som var ein einaste stor vakker park.

Eg slappa av noko voldsomt, syntes eg.

Skvulp, skvulp. Skvulp, skvulp. Nei, ikkje foto frå Budapest, men frå gårsdagens tur langs Hafrsfjord.

Travelt på spa!

Men veit du kva eg gjorde? Stappa timeplanen full!! 07: 00: Symjing og boblebad. 08:00 Badstu og iskulp. 09:30 Frukost. 10: Pilates. 11:00 Fysioterapi. 12:00: Lunch. 12:30 Tur. 13:30 Gjørmeinnpakning. 14:00 Massasje. osv, osv.   Så tettpakka blei timeplanen at eg måtte skynda meg frå det eine til det andre!  I ettertid må eg le.

Men så vanskeleg er det altså å koma seg ut av «hamsterhjulet» når du har vore der mesteparten av livet. Skynda deg og skynda deg, prestert og prestert, tenkt og tenkt og kverna og kverna.

Men det gjorde godt, uansett, Budapestopphaldet. Så eg bestemte meg for å dra dit ein gong i året.

Deileg var det, men resten av året sprang eg like fort i hamsterhjulet og tankekverna sveiva og sveiva.

Alle beda får ei dyne av lauv. Dei må også kvila.. (Foto: Jan Inge Haga)

Redninga

Eg veit kva som har redda meg så langt:

Hage, drivhus, planter: Når eg steller med spirer og planter og jord, slappar eg av, er i ei god «flyt-sone». Er eg sliten og uroleg (lei, frustrert, sinna, bekymra), hjelper det alltid med ei økt i hagen.

Trening: Styrke, «spinning», pilates. For når eg trenar «skrur eg av hovudet og på kroppen», blodsirkulasjonen kjem godt i gang, eg blir sterkare, får meir energi, betre søvn, eg blir rolegare og gladare.

Yoga: Same effekt som trening, men gir endå meir ro. Når du sit på ein spinningsykkel, går det an å tenkja på alt du skulle ha gjort og skal gjera. Men nå du står med hovudet ned og beina opp og må nikonsentrera deg om kvar ein kroppsdel og pusten, må stresstankane vika. Og heile tida må eg pusta langsamt inn og langsomt uuut. Eg trur nok eg bør gå oftare på yoga og sjeldare på spinning….

Ut på tur: Spasertur, sykkeltur.

Natur: Natur er jo ein del av gå- og sykkelturar, men det er forskjell på å sykla bånn gass gjennom ein skog og på å setja seg på ein gammal trestamme og lytta til fuglekvitteret. Studera barken, lauvet, gje treet ein klem. Bare vera. Roleg. I grøn sone..

Kanskje eg skulle prøva meditasjon også??

Så stille dei glir over vatnet… Litle Stokkavatnet, Stavanger. (Foto: Margunn Ueland)

Ekspertråd

Så sit eg her nå som 62-åring og helsecoach og lyttar til doktor Libby Weaver (ein av førelesarane ved Institute for Integrative Nutrition) snakka om kva me kan gjera for å koma oss over frå rød (stress) sone til grøn sone:

  1. Skru på det parasympatiske nervesystemet («rest&repair»), grøn sone med pusten. Djupe pust inn og ut, som i pusteøvingar, yoga, meditasjon og kontakt med natur og dyr. I innlegget «Stress: Er du mest i rød sone eller i grøn?» forklara eg at me ikkje kan styra det parasympatiske nervesystemet med tankane. Men me kan altså styra det med pusten, det vil seia: Slå det på med pusten.
  2.  Reduser kaffiinntaket kraftig. Kaffi stimulerer stresshormon som adrenalin.

ps: Og er du mykje i rød sone, er det ekstra viktig å passa på at du får i deg viktige næringsstoff, for stress tappar oss lett for B-vitaminar, C-vitamin, magnesium og kalk.

Jepp. Eg har kutta ned på kaffien. Prøver nå å nøya meg ein kopp til dagen, den gode om morgonen, veit du.

Det neste eg har øvd meg mykje på i det siste, er å ta det med ro når eg et og prøva å få til regelmessige måltider.  Sitja ned. Ta det med ro. Tyggja! Tyggja. Tyggja.  Nyta… Ikkje halda på med noko anna medan eg et. Høyrest kanskje sjølvsagt ut for deg? Men det er jammen ikkje lett når du har ein årelang uvane med å sluka maten og hasta vidare…

Kjenn etter. Kos kjennes det ut å vera i ro? (Foto: Margunn Ueland). Benken står ved Litle Stokkavatn.

Det grunnleggjande

Det er meir eg må gjera for å redusera stressnivået mitt. Det handlar om det grunnleggjande:

Endra tankesett/haldningar som gjer at viss det å ta det med ro kjem i konflikt med å utretta noko, vel eg alltid det siste.

For å greia det må eg kjenna etter på kva slag følelsar som dukkar opp når eg er i ro. Kvifor blir eg då misnøgd med meg sjøl? Kva er det eg spring i frå? Det er to spørsmål eg må grunna nærmare på.

Eg har begynt, men eg er ikkje i mål…

Koss er det med deg?

LES OGSÅ: 23 VARSELSIGNAL PÅ AT STRESSNIVÅET DITT ER FOR HØGT

 

 

 

 

 

 

 

 



4 kommentarar om “Stress: Har du ikkje tid til å ta det med ro?”

  • OYY,,,, eg kjenne meg heilt igjen ialt det du seie. Klare liksom ikkje heilt å gira ned. Vil jo gjør alt det kjekka og alt som er av andre plikter og jobb i tillegg. Men hagen er jo avkobling når eg holde på å grave og rote rundt i jordå. Skulle ønske vi avogtil hadde en sånn AV knapp, men den må me vel finne utav sjøl 🙂
    Bra innlegg Margunn, flott at dele det med oss Margunn blogg fans 🙂

    • Tusen takk, Rebecca og takk for at du skriv dette. Ja, vanskeleg å gira ned når me lenge har køyrd bånn gass. Eg også har tenkt mange gonger at eg skulle ha hatt ein AV-knapp! Hage fungerer delvis som AV-knapp (for tankekverna). Å vera ute i naturen pluss trening og youga likeså. Er fordi me då er meir i kroppen (og mindre i hovedet), må pusta kraftigare og ta sansane i bruk (hage og natur). Men me kan klara det om me bestemmer oss, set det som eit viktig mål og går bevisst inn for det. Skritt for skritt, pust for pust…. Lukke til!

  • Tusen takk Margunn. Du har virkelig truffet spikeren på hodet! Strever med akkurat det samme. Har alltid noe som jeg må spring etter, en lang liste med ting som jeg «må» gjøre. Jeg driver også med yoga, men litt for ofte må jeg kjempe med meg selv for ikke å benytte yoga-stillingene til å lage en lang liste med gjøremål i hodet. Når jeg setter meg ned for å slappe av kommer den nagende følelsen av at det egentlig var noe jeg burde ha gjort. Hvordan har det blitt slik? Mange år som mor, husmor og fulltidsarbeidende. Hvor det å ta ansvar har blitt et mantra. Det er ikke akseptabelt å bare la det flyte, vi skal hele tiden prestere.
    Da ble dette et viktig dytt mot helgen, denne gangen skal jeg unne meg en tur i frisk luft, og plante tulipanløkene min. Eller kanskje jeg heller skal ingenting?

    • Hei! Takk for at du tok deg tid til å skriva dette. Bra å ta ansvar og få ting gjort, men alle treng ro/pause. Batteria må ladast.. Kan vera ulike grunnar til at me heile tida «må» og at tankekverna går utan stopp. Trur me må ta oss litt tid innimellom til å tenkja etter kvifor me har det slik, og om det er slik me vil ha det. Ikkje meininga me skal bli late og ansvarslause, men lading må til. Me har bare fått ein kropp, og han toler ikkje konstant press. Dreg me strikken for langt, ryk han. Ynskjer deg ei god helg. Kjenn etter kva som er «god helg» for deg, kva du treng.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: