Stress: Er du mest i rød sone eller i grøn?

Stress:  Er  du  mest  i  rød  sone  eller  i  grøn?

Gulp. Eg har lenge vore oppteken av kor viktig det er å eta sunt og godt for å ta vare på helsa, men nå innser eg at det eg fyrst og fremst må gjera noko med, er å STRESSA NED! For stress er ikkje bare ubehageleg og slit oss ut, det gjer oss også meir disponert for å bli sjuke. Og då snakkar eg ikkje bare om forkjøling!

Kva meiner eg med rød sone? Det er i den stresstilstanden me ikkje bør vera lengre enn høgst nødvendig. Me bør vera mest mogeleg i grøn sone.

Det autonome nervesystemet er det som kontrollerer dei indre organa våre og som du i bare liten grad kan styra med tanken. Du kan ikkje seia til hjarta ditt at det må slå, for eksempel, og du pustar utan at du tenkjer på det. Dette er delt inn i to: Rød sone som er  flukt-kamp-responsen og grøn sone som er slapp-av- og- kom-deg -igjen-responsen («rest and repair»).

På fagspråket heiter dette det sympatiske (rød) og det parasympatiske (grøn) nervesystemet.

Om nervesystemet slår seg på rødt eller grønt, handlar både om kva fare/stress me blir utsette for og korleis me opplever/taklar stress. To personar kan sitja i same bilkøen, men den eine blir meir stressa enn den andre, for eksempel.

Alarmen går

Kroppen er laga slik at me hamnar i rød sone når me oppfattar fysisk/mentalt/følelsesmessig stress. Dette er for å gjera oss i stand til å springa frå faren (løva som vil eta oss) eller bekjempa/drepa løva. For at me skal greia det, skjer mykje lynraskt i kroppen: Pulsen går opp/hjarta slår fortare, blodforsyninga stoppar opp til indre organ som mage-tarm og går ut i musklane, produksjonen av stresshormona kortisol og adrenalin går opp.

Klarer du å skru av?

Når faren er over, er det meininga kroppen skal gå over i grøn sone, altså tilbake til avslappa tilstand. Du er gjerne i rød sone når ungen din ikkje kjem heim til avtalt tid og heller ikkje svarar på mobilen, og i grøn sone når ungen omsider dukkar opp og det viser seg at alt er bra. Eller i rød sone før du skal halda eit foredrag, og i grøn sone etterpå.

Jo oftare og lengre du er i rød sone, jo dårlegare verkar av-knappen. I staden for å gå tilbake i grøn sone, er det mange av oss som konstant er i rød sone. Ikkje nok med det: Me er så vande med høgt stressnivå, at me ikkje merkar at me er i feil sone, ein gong.

«Du må slappa av», sa massasjeterapeuten der eg låg med armane fulle av senehinnebetennelse. «Eg slappar av», sa eg, eg låg jo på ein massasjebenk! «Nei», terapeuten rista på hovudet, du ligg her som ei spent stålfjør!

Stress fører til sjukdom

Kroppen må vera i grøn sone og kroppen må sova – ikkje bare for at me skal bli utkvilte – men for at kroppen skal reparera seg sjøl, «heala», «heila seg», halda seg frisk og bli frisk når me er sjuke.

Jo meir du er i rød sone, jo meir er du utsett både for å bli utsliten og for å bli sjuk. Du har  kanskje lagt merke til at du blir lettare forkjøla når du er sliten? Og stivare i nakken når du stressar?

Langvarig stress fører til langt verre ting enn forkjøling…. Det påverkar dei fleste viktige organa i kroppen:

  • Hjerne og hormonar: Dårlegare humør, irritasjon og sinne, depresjon, søvn-problem, dårlegare minne, hodepine.
  • Hjarte og blodårer: Høgare blodtrykk, høgare kolesterol, auka risiko for hjarteinfarkt og hjerneslag.
  • Mage-tarm: Dårlegare fordøyelse, sure oppstøt, kvalme, diare og/eller forstoppelse, irritert tarm.
  • Musklar og skjelett: Svakare skjelett, verk/vondt i musklar og ledd.
  • Immunsystem: Svekka immunsystem som gjer oss i dårlegare stand til å både å motstå/unngå sjukdom og til å koma oss fort når me er sjuke.
  • Sexorgan: Manglande lyst, dårlegare sædproduksjon hos menn og manglande eller uregelmessig menstruasjon hos kvinner.
  • Vekt og appetitt: Forstyrra appetitt og vektauke, det vil seia meir feitt, særleg rundt magen.
  • Hud, hår, negler: Lir også under stress. For då distribuerer kroppen mindre oksygen og næring til hud, negler og hår enn når me er i grøn sone.

Hjelpe meg!

Og nå veit me jo også mykje om kor viktig det er med god mage-tarm-helse! For kjem det ut av balanse, er det ein viktig grunn til ubalanse i resten av kroppen, altså sjukdom.

Viss du nå ikkje vart stressa, (!!) kan du sjå  ti «slides» med «Ten Scaring Effects» av stress på kroppen din her.

Eg trur eg snart må skriva eit innlegg om koss me kan stressa ned….

Balanse-ubalanse-utbrent

Ideelt sett bør me vera i homeostasis, altså i balanse, det vil seia at den røde knappen bare kjem på når det er heilt naudsynt, og så skrur den grøne knappen seg på att.

Blir du stressa, går kroppen først i alarmfase.

Men er du på «alerten» mesteparten av tida, byggjer kroppen opp ein viss toleranse for å kunna leva med det konstante stresset og går over i neste fase – den adaptive fasen/motstandsfasen. Men sjølv om du trur du taklar dette fint, har det altså negativ effekt på kroppen.

Det er grenser for kor lenge du kan tola mykje stress hvis du aldri kjem tilbake til kvilestadie/grøn sone innimellom.

Då blir neste fase: Utmatting, du blir utbrent. Kroppen seier stopp. Den fasen kan opplevast som om han kjem brått på, men det som har ført til utmattinga har gått over lengre tid.

Hovedkjelde: Førelesingar av doktor Libby Weaver ved Institute for Integrative Nutrition.

Institute for Integrative Nutrition utdannar helsecoachar. Eg er ein av dei.

LES OGSÅ: 23 VARSELSIGNAL PÅ AT STRESSNIVÅET DITT ER FOR HØGT



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: