Juice: Eple og gurkemeie

Juice:  Eple  og  gurkemeie
Det er gurkemeien som har gitt eplejuicen denne flotte fargen. (Foto: Margunn Ueland)

Her er den tredje oppskrifta på juice med gurkemeie. Eg må vedgå at denne var den beste… Og fargen, sjå fargen! Gulare enn novembersola..

OPPSKRIFT:

  • 7 små epler med skal og kjernehus
  • 1/2 økologisk sitron med skal
  • 30 gram gurkemeierot med skal
  • 15 gram ingefærrot med skal
  • 1/2 dl vatn
  • 1 dæsj peppar
  • 1 ts olivenolje

Framgangsmåte:

Køyr heile epler, sitron og røter gjennom juicaren (sentrifugejuicar har eg). «Rens» maskinen med litt vatn på slutten, og tilsett litt peppar (aukar opptaket av kurkumin i gurkemeien) og litt olivenolje (slik at du held blodsukkeret meir stabilt).

5 dl juice blei det.

Eg drakk 1 glas av denne juicen, 1 glas av den med gulerøter og 1 glas av den med graskar.

Resten blanda eg i ein karaffel og putta i kjøleskapet. Der held juicen seg nokre dagar. Men aller best er han nypressa.

LES OGSÅ:

GURKEMEIE MOT BETENNELSE OG SMERTE



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: