Juice: Graskar og gurkemeie

Juice:  Graskar  og  gurkemeie
Eit halv slikt graskar var det eg juica. Eg veit dessverre ikkje kva sort det er! (Foto: Margunn Ueland)

Her er oppskrift nummer 2 på juice med gurkemeie. Eg har aldri før prøvd å juica graskar, men det gjekk jammen bra!

Hadde eit halvt lite graskar liggjande  etter at eg omsbakte den andre halvparten tidlegare i veka og hadde det i form med ris, steikt piggsopp, svartkål og bladpersille.

Sidan eg skulle juica oransje gurkemeie, tenkte eg det kunne gå med oransje graskar. Graskar er litt kjedeleg på smak utan krydder, så kvifor ikkje juica det med gurkemeierot og ingefærrot?

Her ser du ingrediensane eg brukte. Bare ein appelsin, juicen hadde nok blitt friskare med ein til, derfor skriv eg 2 appelsinar i oppskrifta. (Fotos: Margunn Ueland)

OPPSKRIFT:

  • 675 graskar utan skal
  • 2 appelsinar utan skal
  • 3/4 økologisk sitron med skal
  • 30 gram gurkemeierot med skal
  • 20 gram ingefærrot med skal
  • 1/2 dl vatn
  • 1 dæsj peppar
  • 1 ts olivenolje

Framgangsmåte:

Skjer graskaret i bitar. Kjør alt gjennom juicaren (eg har sentrifugejuicar, den tek store bitar om gongen, f.eks 1 heil appelsin). Ha i vatn til slutt for å få med restane i maskinen. Tilsett peppar og olivenolje i ferdig juice.

Blei 5 dl juice. Joda, overraskande god, men eg likte den med gulerøter betre.

Neste gong eg lagar denne, skal eg bruka to appelsinar i staden for ein. Denne juicen hadde også tolt endå meir ingefærrot.

Gulrot vs. graskar

Også graskar inneheld mykje betakaroten som kroppen lagar om til A-vitamin. Gulrot har endå meir A-vitamin enn graskar, men graskar er rikare på C- og E-vitamin.

Av vitaminane er det A, C og E som også fungerer som antioksidantar. Antioksidantar vernar kroppen mot celleskader. 

Graskar har mindre sukker enn gulerøter og er rikare på mineral – har meir jern, sink og fosfor enn gulrot.

Kvifor olivenolje?

Grunnen til at eg har olivenolje oppi både graskarjuicen og gulrotjuicen, er at feittet i oljen hjelper kroppen med å ta opp dei gode stoffa i juicen. Vitaminane A, E, D og K er såkalla feittoppløyselege. 

Det er fruktsukker i juicen, og feittet gjer også at blodsukkeret ikkje fyk opp (og så ned), men held seg meir stabilt.

Viss du ikkje vil ha olivenolje i juicen, et nokre nøtter til.

Graskar i smoothie:

LES OGSÅ:

GURKEMEIE MOT BETENNELSE OG SMERTE

JUICE: GULROT, SITRUS OG GURKEMEIE



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: