Juice: Gulrot, sitrus og gurkemeie

Juice:  Gulrot,  sitrus  og  gurkemeie
Den oransje farge er frå både gulerot, gurkemeie og appelsin. Antioksidantar i fleng! (Foto: Margunn Ueland)

Denne oransje juicen gir deg både A-vitaminar frå gulerøter, C-vitaminar frå sitron og appelsin og betennelsesdempande stoff frå gurkemeie og ingefær.

Sitron til i juice med gulerøter, synes eg. Den syrlege sitrusen og den pepparaktige ingefærsmaken piffar opp smaken av gurkemeie og søte gulerøter.

Eg lova deg 3 juiceoppskrifter med gurkemeie i sist blogginnlegg GURKEMEIE MOT BETENNELSE OG SMERTE. Her kjem oppskrift nr. 1:

OPPSKRIFT:

  • 9 økologiske gulerøter
  • 1 appelsin, skrelt
  • 3/4 økologisk sitron med skal
  • 30 gram gurkemeierot (4 røter)
  • 1 skive ingefærrot (18 gram)
  • 1 dæsj svart peppar
  • 1/2 dl vatn
  • 1 ts god olivenolje

Framgangsmåte:

Kjør gulerøter, frukt, gurkemeie og ingefærrot gjennom juicaren (sentrifugejuicar). «Skyll» med vatn til slutt og tilsett peppar og olivenolje.

Brukar du slowjuicar, må du skjera frukt og gulerøter opp i bitar og «mata» juicaren med «hardt» (eks. gulrot) og «mjukt» (eks. appelsin) annankvar gong du stappar oppi.

Det blei 5 dl juice.

NB! Vask alltid juicemaskinen rett etter bruk. Ekstra viktig er det når du har gurkemeie i. Gulfargen er kraftig! Oppvask-kosten min blei også gul…

PS: Det går også bra å bruka gurkemeierøter i smoothiar.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: