Gurkemeie mot betennelse og smerte

Gurkemeie  mot  betennelse  og  smerte
Gurkemeierot. (Foto: Margunn Ueland)

Verker du i musklar og ledd, er det lurt å setja ein ekstra gul spiss på mat og drikke med krydderet gurkemeie. Fargestoffet dempar betennelse og er ein kraftig antioksidant.

Eg kunne mest ikkje gå, hofta var så vond. Det var i Liverpool i 2007. «Say no to Arthritis» var tittelen på ei bok av Patrick Holford eg fann i ein butikk. Det leste eg for fyrste gong at  kurkumin -det gule pigmentet i gurkemeie-  er eit effektivt middel mot betennelse og smerte.

Sidan den gong har eg prøvd gurkemeie både mot verkande musklar og ledd, og det hjalp.

Holford viste til forskning: Sunquist et al, Scand. J. Theumatol., vol 11 (1) pp 33-8 (1982). Sidan den tid har det blitt forska mykje meir på effektane av gurkemeie.

Dr. Michael Greger går gjennom det meste av forskninga som blir publisert om samanhengen mellom kosthald og helse, og brukar tida si på å informera folk om det. På heimesida hans ligg mange artiklar og videoar om gurkemeie. I ein video&artikkel er konklusjonen at  kurkumin verkar betre enn betennelses- og smertestillande piller som vanlegvis blir brukt mot leddgikt. 

I ein annan artikkel basert på ulike forskningsrapportar, skriv Dr. Greger at kurkumin også verkar like godt eller betre enn vanlege piller som blir brukte mot slitasjegikt i kne.  Du kan lesa meir om det her.

Ibuprofen (som i Ibux) og andre vanlege betennelses- og smertestillande middel er dårlege for mage-tarm og lever (Les boka «Pillebefinnende» av Niels Christian Geelmuyden). Derfor er det jo ein fordel å ta minst mogeleg av desse. Gurkemeie derimot, har ikkje negative sideeffektar, bare positive og er bra for mage-tarm.

I boka «Tarmens medisin» listar lege Berit Norstrand opp 19 råd mot IBS (irritabel tarm).  Nummer 6 er å bruka gurkemeie og kanel. Ho viser mellom anna til at gurkemeie lenge har blitt brukt mot mage-tarm-problem, muskel- og leddbplager i både kinesisk og ayurvedisk (indisk) medisin. Ho viser også til ein randomisert pilotstudie som testa gurkemeieekstrakt på 207 IBS-pasientar i ein periode på åtte veker. «De viste stor symtomlindring, det vil si inntil 60 prosent. Dosene de brukte var 72 mg og 144 mg kurkumin», skriv ho på side 194 i boka.

Dr. Susan Blum er ekspert på autoimmune sjukdomar (som leddgikt, lupus, MS (multiple sclerosis), cøliaki, Hashimotos – kronisk betennelse i skjoldbrukskjertelen). Ho behandlar pasientar med desse sjukdomane ved Blum Center for Health i New York, og har skreve boka «The Immune System Recovery Plan» som eg nett har lese. Ho er nemleg også ein av førelesarane mine ved Institute for Integrative Nutrition. Også ho tiltrår gurkemeie mot betennelsar.

Gurkemeie skal visst nok også kunna drepa kreft-stamceller (morcellene til kreftsvulsten). 

I India, kor gurkemeie blir mykje brukt, er det langt færre som får kreft enn her i Vesten. 23 gonger så mange menn i USA får prostatkreft som i India, ti gonger så mange menn får tarmkreft. Dette har forskarane sett nærmare på. Her kan du sjå ein interessant video om det.

Å ta i bruk gurkemeie i mat og drikke, er derfor slett ikkje dumt.  Eg puttar gurkemeie i det meste – i supper, gryterettar, bakverk og juice.

Her er oppskrift på linsesuppe med gurkemeie: RØD LINSESUPPE MED SVUNG

I denne grascarcurryen, og desse pannekakene og desse gylne muffinsane har eg også gurkemeie.

Opptaket av kurkumin aukar om du har bittelitt peppar saman med gurkemeien.

Gurkemeie får du tak i både i pilleform (helsekostbutikkar) og som malt krydder (gurkemeie). Grunnen til at dei fleste currykrydderblandingane er gule, er at dei inneheld gurkemeie. Såkalla innvandrarbutikkar pleier også å ha gurkemeierot, og dei seinare åra har desse små, oransje røtene også dukka opp i grønsaksdisken på godt utstyre matbutikkar.

Nå har eg nett fått tak i nokre røter. Eg har tenkt å bruka dei i 3 ulika juicar. Oppskrifter får du her på bloggen:

JUICE: GULROT, SITRUS OG GURKEMEIE

JUICE: GRASKAR OG GURKEMEIE

JUICE: EPLE OG GURKEMEIE

 

 



2 thoughts on “Gurkemeie mot betennelse og smerte”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: