5 grunnar til at du bør samla lauv

Hurra! Nå har eg samla lassevis med lauv. Eg vil på det sterkaste tilrå deg å gjera det same. Du kan rett og slett ikkje la lauvet bli liggjande utan å ta det i bruk, så bra som det er for kjøkkenhagen.
Lauv blir til god og porøs jord. Alle som har hatt kjøkkenhage ei tid, veit at det er heilt avgjerande for godt resultat. Det hjelper ikkje å ha gode planter viss du har dårleg jord.
Den beste jorda er levande jord, full av liv. Det får du ikkje kjøpt på sekk, det må du sjølv samla i sekker…

Eg brukar lauvet på desse 5 hovedmåtane:
- Dekker alle bed og pallekarmar med ei tjukk dyne av lauv.
- Legg lauv, planteavfall og jord lagvis i pallekarmar, så får eg god jord til våren.
- Legg lauv lagvis med planteavfall frå oppryddinga i hagen i varmkompostbingar og kaldkompostbinge- med eit tjukt lag lauv på toppen. Til våren kan eg då spa ut masse god jord som eg kan bruka der det trengs.
- Stablar sekker med lauv bak garasjen slik at eg har til kompostbingane utover vinteren og til våren. Best kompost får du nemleg når du blandar grønt og nitrogentrikt materiale (planteavfall, matavfall) med brunt (lauv, flis).
- Samlar endå fleire sekker med lauv slik at eg har halvrotna lauv til våren i tilfelle eg skal anleggja nye bed. (Meir om det lenger nede i dette innlegget). Viss ikkje brukar eg det til jordforbetring og jorddekke.

Det går rett og slett ikkje an å få for mykje lauv.
Nye bed utan å grava
Då eg utvida det eine bedet i hagen min (det ved sida av drivhuset) våren 2016, dekka eg bare ein del av plenen med aviser, tømde så på nokre trillebårlass halvrotna lauv frå kaldkompostbingen og nokre trillebårer med hestemøkk. Det var i starten av mars. I mai planta eg ut grønsaksplantene, og dei treivs som bare det. Utpå sommaren var det blitt svart, feit, porøs jord.
Og giss om eg var glad for at eg hadde ein svær kaldkompstbinge full av lauv den våren eg anla Leikeplasshagen! Der bærbuskane skulle plantast, var det bare grus. Eg fylte på med masse halvkompostert lauv, litt blandingskompost og dekka med gras utover våren og sommaren. Buskane treivs som bare det!
Beda i Leikeplasshagen er bygd opp av greiner, kvist og flis i botnen, så lauv lagvis med kompost, tang og tare, hestemøkk og gras frå rundballe.
Også i fjor dekka eg alle bed med tjukt lag lauv. Utpå våren var det omgjort til jord.
Og der graskara veks, hadde eg eit ekstra tjukt lag lauv, pluss at eg grov ned ei bøtte lauv i kvart plantehol (altså der eg skulle planta graskar neste vår).

Unngå at det bles vekk
Det er gildaste og lettaste å raka lauv på tørre, fine dagar. Men tørt lauv bles også fort avgarde… Det beste synes eg, er å enten henta fuktig lauv (ikkje dassblautt) eller å raka tørt lauv og venta med å leggja det ut til ein dag det er meldt regn.
Etter at eg har fordelt lauvet på toppen av beda, trør og trakkar eg litt i bedet slik at lauvet kjem i god kontakt med jorda. Dette gjer eg for at minst mogeleg skal blåsa vekk.
Vått lauv er tyngre enn tørt, men du får lettare med deg meir i sekker og trillebåra. Eg var så heldig å få hjelp min gode ven Øyvind Erland som lett lempa sekker eg ikkje hadde greidd.
Ein gild og avstressande jobb! Herleg å gå under trekronene, henta gratis gull, pusta inn lukta av jord og lauv og gje kjøkkenhagen eit siste påfyll før vinteren. Vita at eg har sørga for at gratisarbeidarane mine (meitemarkane og alle dei levande krypa i jorda) har meir enn nok å eta heile vinteren…
Lauvlaget på toppen av bedet vernar også planterøtene mot frost.
Jepp! Lauv er bra saker! Eg har ikkje all verdas tilgang på lauv, så eg har gjort som vanleg, henta sekkar med tang igjen. På eine turen i dag traff eg på den tyrkiske «gjengen» (frå asylmottaket og nokon busette) ved Prestgardsnaustet Dei hadde kylling på menyen ved bålplassen. Sist vi møttest der (etter eit speidermøte) hadde dei nyfiska makrell dei skulle grilla. Eg fekk smaka på det beste brødet i verda! Eit slags pitabrød. Eg må nok bli så god venn med dei at eg får bli med på kjøkkenet og lære! Har kjøpt boka Hummus og granateple og blir meir og meir glad i tyrkisk mat.
Tang held forresten godt på lauvet som ligg under i pallekarmane også. Det blir nokre turar til før alle bed og kompostbingar har fått sitt. Kjekt!
Hei, så koseleg kommentar! Takk! Fin forteljing:)
Lauv er en fantastisk ressurs. 🙂 Jeg har stor tomt med mye skog og kan hente nærmest ubegrenset med lauv og det er jeg svært glad for. Foreløpig er det litt lite her helt i sør, men om kort tid kan jeg virkelig fylle karmene med dette gullet. 🙂
Så einig! Heldig du som kan henta på eiga tomt! Eg må ein runde i nabolaget med trillebår og rive….