Pannekaker med graskarpuré

Pannekaker  med  graskarpuré
Pannekaker, muffins, supper, curry - av graskar kan du laga så mangt! (Foto: Margunn Ueland)

Vil du servera gode pannekaker/lappar til sundagsfrukosten, bruk ein halvtime i dag på å laga graskarpuré.  Desse pannekakene er gode på smak og er laga av ingrediensar som er bra for deg.

Av eitt mammutgraskar fekk eg vel fire liter puré som eg kan bruka både i bakverk, smoothiar og supper. Kor mange kilo det var, veit eg ikkje, men du får eit inntrykk av storleiken ved å sjå på biletet.

Puréen er lett å laga: Eg skar graskaret i båtar med skalet på og putta det i steikeomnen med nokre klattar smør og eit dryss ingefær og kanel på. Om du vil, kan du plussa på med muskattnøtt og allehånde.

Graskarbåtane fekk baka til dei blei møre (vel 20 minuttar, kjem an på kor store båtane er og kva type graskar du har).  Så bare det bare å skrapa fruktkjøtet av med ei skei og mosa det med gaffel.

Eg fordelte puréen i seks fryseboksar, putta fem i frysa til framtidige supper og muffinsar.  Halvparten av den eine boksen hamna i denne pannekakerøra. Resten skal eg bruka i smoothiar.

Pannekaker og pannekaker, dei er meir som norske lappar og amerikanske pannekaker. Altså ikke tynne, franske pannekaker som dekkjer heile steikepanna.

Av det eine graskaret blei det to fulle brett med båtar. (Foto: Margunn Ueland)

Sunt og godt

Som grønsaker flest inneheld graskar svært få kaloriar, men mange nyttige næringsstoff. Dei gir deg betakaroten (som kroppen lagar A-vitaminar av), antioksidantar, fiber og kalium.

Desse pannekakene inneheld også mykje protein (frå egg, kulturmjølk og mandelmjøl) og mindre kveitemjøl enn i vanlege pannekaker. Å kutta ned på kvitt mjøl er bra for oss.  Feitt må me ha, men det må helst vera av det gode slaget: Mandelmjøl og rå kokosolje er det.  Meierismør er også ok, men ver så snill: Ikkje bruk margarin enten det er lettmargarin eller ei!

Ein lettvint og smakfull måte å få i seg masse antioksidantar og betennelsesdempande stoff på, er å bruka krydder.

Sukker derimot, fyrer opp under betennelsar, så det vil me unngå.  Her har eg brukt most banan og Sukrin Gold.

Kjekt å ha i fryseboksen! Då går det raskt å laga både supper og muffinsar. Den oransje fargen fortel deg at mosen er full av A-vitaminar. (Foto: Margunn Ueland)

OPPSKRIFT:

  • 3 dl graskarpuré
  • 1 banan
  • 4 egg
  • 1 ss kokosolje, eventuelt meierismør
  • 1 ts ingefær
  • 1/2 ts gurkemeie
  • 1 dæsj svart peppar (aukar opptaket av gurkemeien)
  • 1/2 ts kanel
  • 4 ss mandelmjøl
  • 4 ss speltmjøl (økologisk)
  • 2 dl  kulturmjølk
  • 1/2 ts natron
  • 3 ss Sukrin Gold

Framgangsmåte:

  1. Rør saman/pisk egga
  2. Ha oppi graskarpuréen og 1 most banan
  3. Ha oppi krydder
  4. Smelt kokosoljen på svak varme og ha oppi
  5. Rør ut 1/2 ts i ein kopp kulturmjølk og ha oppi røra
  6. Bland inn mandelmjøl og speltmjøl
  7. Bruk ei lita ause og steik tjukke pannekaker/lappar på steikepanna. Vent med å snu dei til deigen har stivna så pass at du kan snu dei utan at dei går sundt. Ikkje ha så sterk varme at pannekakene blir for mørke. Plata mi går frå 0-9,  eg steikte dei på 5.

Server gjerne med bananskiver, fersk frukt, bær, hakka nøtter eller godt syltetøy.

Eg fekk ikkje teke bilete av pannekakene, for før eg fekk sukk for meg, var dei oppetne! Det blei nok til at mannen min og eg blei skikkeleg gode og mette.

Fleire tips

Av slik puré kan du også laga gode muffins. Her er oppskrift: GYLNE GRASKARMUFFINS

Du kjem til ål lika desse muffinsane.

Graskarcurry er godt til middag. Då brukar du ikkje puré, bare rører saman omnsbakte graskarbitar, løk og paprika i ein saus av kokosmjølk og varmande krydder. Gjort på ein snau halvtime. Her er oppskrifta.

Smaksvinnaren hittil

Graskaret i dette innlegget er mammutgraskar «Rouge Vif D’Etampes». Det var det største av dei ti ulike sortane eg dyrka i år. Alle er i hus, men eg har ikkje smakt på alle ennå. Heldigvis kan dei lagrast lenge.

Dei tre andre eg har smaka hittil, er Hokkaidograskar «Uchiki Kuri», turbangraskar, spaghettigraskar og «Trombocinio».  «Uchiki Kuri» er klart best. Søtaste, mest smakfullt, minst «vassent».

Uchiki Kuri (Hokkaidograskar) fotografert av Jan Inge Haga.

LES MEIR om dei ulike sortane her:

Eventyrlege graskar

Kule ungar, kule graskar

Graskara veks noko grassat



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: