Gylne graskarmuffins

Gylne  graskarmuffins
Åååhh, det var gode muffins! (Fotos: Margunn Ueland)

Nei, dei ser ikkje særleg skumle ut, desse muffinsane. Dei er snille og gode! Så gode at til og med eg likte dei! Eg er nemleg ikkje særleg glad i kakemat. Men desse bare måtte eg ha både ein og to og tre av til kvar tekopp.

Den fine gule fargen og den saftige konsistensen kjem av at graskar er hovedingrediensen. Graskarpuré, det vil seia graskar som fyrst er omnsbakt og så mosa.

Veldig kjekt med ein hovedingrediens som full av nyttige næringsstoff som fiber, betakaroten (som blir omdanna til A-vitamin) og kalium.  A-vitaminar trengs for godt syn, fin hud og godt immunsforsvar. Kalium må me ha for å regulera blodtrykket.

Etter rundt 15 minuttar i steikeomnen var det bare å skrapa av graskarkjøtet frå skalet og mosa det med ein gaffel.

Varmande krydder er ekstra godt på denne årstida, og graskar treng å bli piffa opp litt. Ikkje med «Piffi», men med krydder me vanlegvis brukar i julebaksten:  Ingefær, nellik, kanel, allehånde, muskattnøtt..

Visste du at krydder inneheld mange antioksidantar og stoff som er betennelsesdempande?

Du kjem til ål lika desse muffinsane.

Her er oppskrifta:

  • 200 gram kveitemjøl
  • 150 gram sukker
  • 1 ss bakepulver
  • 1 ts kanel
  • 1 ts ingefær
  • 1/2 ts muskattnøtt
  • 1/4 ts nellik
  • 1/4 ts allehånde
  • 1/2 ts gurkemeie + 1 bitteliten dæsj peppar
  • 2,5 dl graskarmos
  • 1,2 dl mjølk
  • 1 dl rapsolje
  • 2 ss honning
  • 2 ss lønnesirup
Fremst ser du graskarmos blanda med mjølk, olje, honning og sirup.

Framgangsmåte:

  1. Lag graskarmos:  Eg skar eit lite Hokkaido-graskar («Uchiki Kuri») opp i seks båtar, og putta dei i omnen med skal på. Etter 15 minuttar på 180 grader var dei så møre at eg lett kunne skrapa fruktkjøtet av skalet og mosa dei med ein gaffel.
  2. Rør saman det tørre, altså mjøl, bakepulver og krydder i ein bakebolle.
  3. Rør saman det våte: Ha graskarmosen i ein annan bolle og rør inn mjølk, olje, lønnesirup og honning.
  4. Bland det tørre saman med det våte til ein deig.
  5. Fyll deigen over i muffinsformer. Har du store former, er det nok til 12.
  6. Eg hadde bare nokre små papirformer, så det blei 20.
  7. Steik på 200 grader i 15-20 minuttar (kjem an på kor store muffinsane er).

Særleg proffe såg dei ikkje ut muffinsane mine der dei flaut ut i dei kvite papirformene. Det er smaken som tel, sa eg til meg sjølv, men eg skreiv nå muffinsbakebrett på handlelista…

Vil du muffinsane skal sjå skumle ut, greier du sikkert å finna på noko nifst å pynta dei med…

Gylne og gode. Jaudå, flaut litt ut i dei små papirformene, men eg åt dei opp straks..

Tidlegare i haust laga eg graskarcurry. Mannen min likar ikkje graskarsuppe seier han, men denne curryen likte han.

Her er oppskrifta på curryen som du lagar på 30 minuttar. 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: