Rubinsuppe

Rubinsuppe
"Rubinsuppe" og "Bodils, gode lettvinte brød." (Margunn Ueland)

Denne mørkerøde, fløyelsaktige suppa er god og mettande, men kalorifattig.

Lettvint: Du slepp å stå med skjerefjøla og hakka opp, som med dei fleste andre grønsaksupper.

Eg hadde tenkt å sylta rødbetene.  Men så måtte eg plutseleg finna på noko til lunch. Dermed blei denne suppa til.

OPPSKRIFT:

(2-4 porsjonar)

  • 4 små rødbeter  (750 gram)
  • 1 ts Dijonsennep
  • 1 ss balsamico-eddik
  • litt peppar
  • 1 ts økologisk grønsaksbuljongpulver
  • evt. også 1 ss god olivenolje til slutt
  • Gjerne også ein klatt yoghurt eller ein klunk kefir ved servering.

Framgangsmåte:

  1. Vask rødbetene godt.
  2. Ha dei heile med skal i gryte med vatn – cirka 7 dl pluss 1 ts buljongpulver og kok til dei er møre, vel 1 time. (Kjenn etter med ein gaffel etter 1 time).
  3. Ta ut rødbetene med ei sleiv. IKKJE tøm ut vatnet!
  4. La rødbetene avkjøla seg litt, slik at du klarer å halda dei i hendene (kan vera lurt å ha på plasthanskar viss du ikkje vil bli rød). Så skreller du lett skalet/skinnet av med hendene, bare å vri/gni/dra det av.
  5. Ha rødbetene i ein kjøkkennaskin med sennep og balsamico og kjør til det blir ein mos.
  6. Spe så med det mørkerøde kokevatnet til du får suppa så tjukk/tynn som du vil ha henne.
  7. Smak til med peppar, og ha gjerne på litt olivenolje for ekstra smak og for litt sunt fett.
  8. Det gjer seg godt med ein klatt yogurt eller kefir (evt. rømme) oppi kvar tallerk.

Porsjonar: Alltid vanskeleg å seia. Kjem an på kor svoltne de er og om suppa skal vera forrett eller full middag. Til forrett bør dette vera nok til 4, til full middag: Nok til 2.

Til suppa serverte eg sjølvsagt BODILS GODE, LETTVINTE BRØD.

Rubinsuppe er den femte retten i serien KVA KAN ME LAGA AV DETTE? 

Helgefrittata (Foto: Margunn Ueland)

Dei fire andre er:

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: