Grønkålchips

Du veit koss det er med potetchips, har du fyrst putta ein chips i munnen, må du ha fleire… Slik er det med grønkålchips også. Men bare knas i veg du! Jo meir du et, jo betre! For grønkål er proppa med gode næringsstoff.
Her er oppskrift på ein stor porsjon. Dei som ikkje blir oppetne i helga, kan du putta på eit Norgesglas eller ein boks så har du litt snacks i dagane framover. Det var planen min i alle fall. Men så fekk eg fyrst eit besøk, så eit anna, og dermed forsvann grønkålchipsen:)

OPPSKRIFT:
- 10 store blad vanleg krusete grønkål
- 3 ss olivenolje
- 1 skvis sitronjuice (frå 1/6 sitron)
- 1 ts salt
- litt peppar
- evt. litt anna krydder du likar. Eg hadde paprikapulver på det eine brettet.
Framgangsmåte:
- Vask grønkålen og skjer bort stilkane.
- Riv grønkålen i bitar og spinn han i salatspinnar for å få bort mest mogeleg vatn. Har du ikkje salatspinnar, pakk han inn i eit kjøkkenhandkle og sving rundt i lufta.
- Legg bakepapir på to steikebrett.
- Ha halvparten av grønkålen i ei stor skål og gni inn med 1,5 ss olje.
- Fordel grønkålen på 1 av bretta.
- Gjer det same med den andre halvparten.
- Strø over salt, peppar og krydder.

Steiking:
(Oppgir klokkeslett for at det skal vera lettare å forstå)
- 13:00: Sett bretta inn i omnen på 150 grader. Etter 5 minutt opnar du døra på gløtt og slepp ut damp og lukkar så omnsdøra att.
- 13:10: Skru ned til 100 grader og bytt plass på bretta, slik at det som sto nederst kjem øverst og omvendt.
- 13:20: Slepp ut damp og “rør” litt i grønkålmassen.
- 13:30: Slepp ut damp igjen. Skru ned til 80 grader.
- 13:50: Nå er grønkålchipsa klare viss du skal eta dei straks. Men sidan eg hadde tenkt å ha nokre på boks framover, steikte eg dei litt til.
- 14:00: Ferdige! Chipsa skal vera sprø, men ikkje brune. Litt brune i kantane blir dei.
Dette er den fjerde artikkelen i serien KVA KAN ME LAGA AV DETTE?

Den handlar om kva me kan laga av grønsakene på dette biletet. Det er grønkålen i trekassen som blei til chips.
Her er dei 3 nyaste oppskriftene i serien:

