Kule ungar, kule graskar

Kule  ungar,  kule  graskar
Ikkje mange ungar som har slike graskar! Nora, Sofie og William. (Foto: Jan Inge Haga)

Nå var det på tide! Graskara måtte inn, for nå blir det for vått og kaldt. Graskar er det kulaste me har dyrka i Leikeplasshagen i år, synes Nora, William og Sofie som sit her med kvar sitt forskjellige graskar.

Det mørkegrøne, knudrete som Sofie har i fanget, er «Marina di Chioggia». Eg kjøpte frø av det fordi det skilde seg ut og fordi det i fylgje frøkatalogen til Impecta har «mycket delikat smak etter en tids vinterlagring».

William valde seg «Lakota».

I frøkatalogen til danske Albinus Frø står dette:

’Lakota’ er en gammel sort af græskar, der efter sigende oprindeligt blev dyrket af de amerikanske Lakota Sioux-indianere. Senere er indianernes oprindelige græskar yderligere blevet forædlet til det smukke, dråbeformede græskar, der nu kendes under sortsnavnet ’Lakota’.

’Lakota’ er et græskar af den såkaldte ’Hubbard’-type. ’Hubbard’-græskar er ret hårdføre vintergræskar med meget fast kød. Overfladen af denne ’Lakota’ er flot i en dyb orange nuance med mørkegrønt flammemønster. Dets indre er fast, orange kød med en mild og sødlig nøddesmag.

Det var grunnen til at eg ville dyrka dette. Men grunnen til at William ville ha det med seg inn, var at det var det største graskaret etter mammutgraskar «Rouge Vif D’Etampes» som Alvin hadde hausta tidlegare.

Eg veit ikkje kven som har det kjekkaste, Alvin eller meg… (Foto: Jan Inge Haga, september 2018)

Nora likte best sitt på grunn av at det er nesten rosa…Eg veit dessverre ikkje kva sort det er, har fått frø av @annemorshage.

Ikkje plass i kjøleskapet? Gjer ikkje noko. Graskar skal ikkje liggja kaldt, men i romtemperatur.

Steinaldermann William med klubbe. (Trombocino-graskar). (Foto: Jan Inge Haga)

Nå er me spente på koss dei smakar. «Uchiki Kuri» var det fyrste eg spretta. Det var knallgodt. Eg laga Graskarcurry av det.

Fargeprakt=plantekraft=vitaminar og antioksidantar. Dette er «Uchiki Kuri». (Foto: Margunn Ueland)

Dernest prøvde eg å omnsbaka turbangraskar og «Trombocino» med litt smør, peppar og ingefær. Turbangraskaret smakte godt, men «Trombocino» var ikkje noko særleg, tykte eg.

Bak den store gule blomen dannar det seg ei graskarkule– Dette er det «Lakota»-graskaret William hausta. Her fotografert av Jan Inge Haga den 5. juli.

Ikkje bare ungane som synes det er gøy med graskar, eg er minst like ivrig: Så spanande å prøva ut nye sortar, nye matrettar, og å fylgja med på den kraftige veksten frå knubbete spire til digre frukter.

Sår du sjølv, kan du få fram sortar som ikkje er dei vanlegaste på  hyllene i matbutikkane.

Lite arbeidskrevjande: Gjeld å pøsa på med bøttevis av kompost og vatn når du plantar ut i slutten av mai, så er det bare å gleda seg over den kraftige veksten.

Husk å ta vare på frøa! Graskarfrø er nemleg temmeleg dyre. Vask dei, legg dei til tørk. Når dei er skikkeleg tørre, ha dei i ein papirpose eller lite glas og putt dei i kjøleskapet, så kan du så masse graskar til våren!

Her kan du lesa meir om alle dei ti sortane me dyrka i år:

Her er meir info om dyrking av graskar:

Slik sår du graskar.

Slik plantar og «matar» du graskara. 

Ein titt i graskaråkeren i juli. 

 



2 thoughts on “Kule ungar, kule graskar”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: