Helgefrittata

Helgefrittata
Helgefrittata (Foto: Margunn Ueland)

Her får du ein sunn og god vri på omelett som du kan laga til helgefrukosten.

Frittata er ein krysning av omelett og quiche: Ein omelett som steiker ferdig i omnen og som ikkje har den usunne paideigen  (pga kvitt kveitemjøl) til ei quiche.

Eg hakka oppi nokre bladbete/mangoldblad (spinat  eller svartkål er eit godt alternativ) for å gjera omeletten meir fargerik og næringsrik.

Har du tenkt å ta deg eit glas vin eller to i helga, vil du gjera levera di ei stor teneste med å ha grøne blad i maten.

Frittata – lettvint måte å laga ein sunn og mettande frukost. Eller lunch, middag eller kvelds om du vil! (Fotos: Margunn Ueland)

OPPSKRIFT:

(2-4 porsjonar)

  • 1 ss smør (IKKJE margarin)
  • 2,5 dl oppskårne/finhakka mangoldblad
  • 1 kvitløkfedd
  • 1/2 løk
  • 2 ss finhakka persille (helst bladpersille)
  • 5 egg
  • 5 cherrytomatar (viss du har)
  • 1/2 ts gurkemeie (full av antioksidantar, betennelsesdempande stoff, pluss set ekstra fin gulfarge på retten)
  • 1/2 ts salt
  • 1 ts peppar
  • 1/2 ts muskattnøtt
  • 1/2 ts oregano

Framgangsmåte:

  1. Skrell og hakk kvitløk og løk og steik dei gylne (ikkje brune) på steikepanne. Ikkje bruk sterk varme.
  2. I mens skjer/hakkar du opp mangolden i bitar. Ha i steikepanna saman med den gylne løken og røresteik nokre minutt til det «skrumpar inn».
  3. Sleng oppi persillen det siste halve minuttet eller så.
  4. Pisk egga saman med salt, peppar, gurkemeie, muskattnøtt.
  5. Ha løk-mangold-blandinga over skåla med egg, rør lett saman og hell over i ei smurd eldfast form.
  6. Skjer nokre cherrytomatar i to (om du har) og pynt med dei på toppen. Dryss på litt oregano.
  7. Inn med forma i omnen. Steik til eggeblandinga stivnar og blir gyllen  på toppen. Det tek om lag 15 minutt.

Serverer du brød til, bør dette vera nok til 4 porsjonar til frukost.

SJEKK HELSEFORDELANE MED MANGOLD HER

Fremst: Kasse med grønkål. Rødbeter i skål. Bladbete i bøtte på terrasen, bladbeteblad og bladbetestilkar i svart kasse på benken. Selleristilkar i den bakerste bøtta. (Foto: Margunn Ueland)

Dette var det tredje eg har laga av grønsakene på dette biletet i serien KVA KAN ME LAGA AV DETTE?

Frå før av har eg laga:

EKSTREMJUICE

GENIALJUICE

 



2 thoughts on “Helgefrittata”

  • Hei Margunn! Jeg er ny her. Denne retten frister, både som frokost og lunsj. Jeg bor i UK nå, og måtte oversette margold, som jeg aldri har hørt om på norsk. Men chard selger de på supermarkedet her, så da er alt bare fryd og gammen. 😋

    • Hei! Velkomen! Nei, mangold (også kalla bladbete) er dessverre sjeldan å sjå i norske butikkar. Eg har faktisk ALDRI sett mangold her. Men i Frankrike og Italia er det ein vanleg grønsak. Synd han ikkje er til sals (?) i norske butikkar, for dette er ein supersunn grønsak. Håpar også fleire kjøkkenhagefolk oppdagar denne, det blir mykje mat på liten plass, og han toler både varme og kulde. Chard ja, også kalla Swiss Chard. God frukost/lunch!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: