Genialjuice

Genialjuice
Dette pluss 1 eple og 1 tomat til er ingrediensane i "Genialjuice". (Fotos: Margunn Ueland)

God morgon! Klar for nypressa juice?

Sjekka du sist blogginnlegg med oppskrift på Ekstremjuice?  Mens eg laga den, fekk eg ein endå betre idé:  Eg brukar bare stilkane på bladbetene i juicen, ikkje dei grøne blada.

Då treng eg ikkje ha i så mange eple, for juicen frå stilkane er mild og svak,  langt frå så mørkegrøn på smak som blada, om du forstår kva eg meiner. Mindre epler betyr mindre fruktsukker. Bladstilkane er så godt som sukkerfrie.

Nå får eg epler til overs som heller kan bli til Eplekos på 1-2-3 pluss grøne blad som eg kan laga noko av til lunch.

På kjøkkenbenken sto ei skål med halvmogne «San Marzano»-tomatar som eg hadde rydda inn frå drivhuset, så eg heiv oppi  nokre av dei også i juicaren. Fyrst to, så ein til. Skål!

OPPSKRIFT:

  • 5 bladbetestilkar (mangoldstilkar) (Har du ikkje bladbetestilkar, prøv med 2 selleristilkar)
  • 1 liten/mellomstor rødbete med skal
  • 4 små/mellomstore epler
  • 1/3 økologisk sitron med skal
  • 3 tomatar
Sunt og godt!

Det blei 2 glas forfriskande, supersunn juice med nydeleg farge!

«Ikke for pingler», skreiv @annemorshage på Instagram om «Ekstremjuice». Stemmer nok det!

«Genialjuice» derimot, treng du ikkje vera innbarka juicar for å lika. Eg serverte den til ein av helsecoachklientane mine, og ho drakk fyrst eit halvt glas og så eitt til. Ho syntes smaken var god. Og dette var ei dame som aldri har aldri smaka ferskpressa juice med korkje rødbeter eller bladbete i før.

Serie

Desse juicane blei til fordi eg skulle laga noko av grønsakene på det nederste biletet: Kva kan me laga av dette?

Eg lovar: Neste oppskrift blir ikkje ein juice….

Fremst: Kasse med grønkål. Rødbeter i skål. Bladbete i bøtte på terrasen, bladbeteblad og bladbetestilkar i svart kasse på benken. Selleristilkar i den bakerste bøtta. (Foto: Margunn Ueland)


4 thoughts on “Genialjuice”

  • Eg blei nysgjerrig på San Marzano-tomatane dine. Korleis var dei å dyrke, synest du? Syster mi, som bur i Tyskland, har hausta tre fulle bøtter frå to slike planter i år. Eg bestilte frø av henne med éin gong. Reknar ikkje med like stor avling her til lands, men eg har tenkt å setje inn eit par planter i det nye drivhuset mitt til våren.

    • Det gjekk bra i år som det var varmt. Fekk griffelråte i starten, men kurerte dei med meir kalk. Snakka med tomatekspert Frode Ringevjen hos Wiig gartneri, og han sa dei var vanskelege å få til. Blei seint mogne. Store. Ok på smak, men ikkje spesielt gode.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: