Kva kan me laga av dette?

Kva  kan  me  laga  av  dette?

Ei herleg tid! Eg haustar inn og haustar inn. Utruleg mykje løye-papegøye det går an å laga av grønsaker. Eg elskar å eksperimentera.

Kva skal eg finna på med dette tru?

Av halvparten grønkålen tenkte eg at eg skulle laga ein variant av den kjende indiske gryteretten med kikerter og spinat (bare med grønkål i staden for spinat).

Den andre halvparten av grønkålen ville eg laga ein fargerik, varm salat av saman med rødbeter, appelsin og valnøtter. (Oppskrift  her)

Resten av rødbetene skulle eg sylta, var planen.

Bladbete/mangold

Bodil Helene Skumsrud, ei av fylgjarane mine på Facebooksida Margunns kjøkkenhage, tipsa om at ho hadde sylta dei fargerike bladbetstilkane (3 delar vatn, 2 delar sukker, 1 del eddik). Supert tips, takk!

Torunn Egge Roux har sendt meg denne e-post med gode tips som eg har lyst til å prøva, sjå her:

«Du må bruke stilkene, Margunn! Det er de som er best. Skjær i biter, kok de møre (minst en halvtime), kok inn fløte og tilsett litt salt, pepper og det du ellers vil ha av krydder (jeg bruker herbes de Provence). Ha mangolden i sausen, og voila, herlig stuing som passer til det meste. 

Samme prosedyre for grateng…. men pisk et par egg inn i et beger (lett) creme fraiche. Ha en løk el to og kvitløk på panna og surr mørt. Bland mangold/løk i sausen, ha det i en ildfast form og dekk med reven ost (parmesan el annen hard ost med møje smak) Inn i ovnen et kvarters tid.

Du kan variere og kutte ut løk og heller legge lagvis med chevre mellom lagene. Eller cottage cheese. Knallgodt!»

Selleri

Selleristengene ville eg hakka opp og frysa slik at eg har å ta av til suppekoking ut over vinteren. Kanskje leggja til sides nokon til min sunne vri på Waldorfsalat.

Pling, pling!

Mens eg sto der og skrubba selleristengene reine for mold, poppa nye idéar opp i hjernen min.

Fylg med på bloggen framover, så skal du få sjå kva det blei – det vil seia kva det blir! Veit aldri kva som skjer med den popcornhjernen min… Er jo litt kjedeleg å laga det eg har gjort før, må prøva noko nytt!

Eller kva seier du? Kva fekk du lyst til å laga når du ser dette biletet?

LES OGSÅ: 

Ti måtar å bruka opp mangold på.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: