Ekstremjuice

Ekstremjuice

Ekstremt sunn er denne juicen! Grøn og rød juice i eitt!

Vanlegvis juicar eg grøne blad (bladbete, grønkål, spinat) for seg saman med eple, selleristang og sitron til grøn juice, og av rødbetene lagar eg rød juice.

Men nå sto eg her med fem rødbeter. Det ville bli ein kraftig juice som nok måtte tynnast med masse eple om det ikkje skulle bli for heftig.

PLING! Eg kunne jo tynna rødbetsmaken med juice frå bladbetestilkane! Masse saft utan sterk smak, men full av gode plantestoff frå dei fargerike stilkane! At eg ikkje har funne på det før!

Dermed durte eg på og laga denne:

Når eg vil fortæra mykje grønsaker på kort tid, lagar eg juice..(Fotos: Margunn Ueland)

EKSTREMJUICE

  • 1 økologisk sitron med skal
  • 10 mangoldblad med stilkar
  • 4 selleristilkar
  • 5 rødbeter med skal
  • 12 epler (ikkje store)
  • 1 liten kvit squash (ikkje nødvendig, var bare fordi eg hadde ein liggjande i kjøleskapet)
  • 2 dl vatn

Det blei 2,5 liter med mørkerød juice.  Det måtte jo gå bra: Rødbeter+bladbeter=sant. Dei er jo syskenbarn.

Har du aldri drukke juice med grønsaker i før, lag mindre porsjon og bruk meir eple og mindre rødbeter og mangold.

Serie

Dette var altså det fyrste eg laga av grønsakene på dette biletet: Oppskrifter på annan mat og drikke eg lagar av dette, kjem på bloggen framover.

Fremst: Kasse med grønkål. Rødbeter i skål. Bladbete i bøtte på terrasen, bladbeteblad og bladbetestilkar i svart kasse på benken. Selleristilkar i den bakerste bøtta. (Foto: Margunn Ueland)

Tusen takk for tips

Eg takkar så mykje for tipsa til kva eg kan laga som til nå har kome inn på Facebooksida Margunns kjøkkenhage:

Trine Gjersøe: Her også går det i grønnkål og rød/gulbeter om dagen. I dag blir det vegetar pizza med grønnkål , i morgen en fantastisk god salat av gulbeter som jeg har funnet på Farbror Grön sin sider.

Marit Lunde Hauge: «Eg lagar rødbetepai utan paideig, bare grovraspar rett i form m finhakka løk, ssmanpiska egg og krydder og ost over. Med el utan chilli. Blir knallgodt. 
Nytt nå er polske manggoldplettar. Kjører alt m løk og ost i foidprosessor. Blandar med egg, litt mjøl og litt fløyte til passe konsistens og steikar. Svært gode. Har tenkt å laga m grønnkål også og valnøtter i røra».

Elise Assersen Hodnefjell:  Grønnkålchips e veldig godt, ovnsbakte røbeter med god olje, timian, salt og pepper er snadder og sylta røbeter.

SJÅ OGSÅ: 

Kva kan me laga av dette?

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: