Nå har eg skreve bok!

Åj, åj, åj, åj! Eg er heilt skjelven. I dag har eg levert frå meg manuset til bok: “Margunns kjøkkenhage. Fersk mat året rundt”.
Eg er så glad for at fotograf Jan Inge Haga han har teke dei aller fleste bileta til boka, han er like flink som han er grei.
Oppslagsbiletet i dette blogginnlegget er eit av bileta eg likar best. Det er frå då naboguten Alvin hausta det aller største graskaret i september.
Eg vil boka skal vera til inspirasjon og nytte både til deg som alt har kjøkkenhage og/eller hage, og til deg som drøymer om å dyrka eigne grønsaker, bær, frukt og blomar.

Ei bok til å bli glad av, håpar eg! Det blir i alle fall eg, når eg kikkar gjennom bileta. Du får vera med i hagen og oppleva kva som skjer frå månad til månad, frå januar til desember. Ja i dei travlaste vårmånadane er det mest dag for dag. Meir som ei dagbok enn ei tørr faktabok.
“Ongane i gadå” og barnebarn er med.

Året rundt ja, for som du har sett her på bloggen, er sesongen ikkje over ennå. Oktober er faktisk ein både gild og travel månad i hagen.
Og straks juletreet er rydda ut, er det fram med frøkatalogane…
Fotograf Jan Inge Haga har over 20 års erfaring som fotograf, både frå aviser og kommersielle oppdrag.
Det er Jæren forlag som gir ut boka. Planen til forlagssjef Bjørn Moi er at boka skal koma ut i februar. å då får du boka i tide før ny sesong! Eg gledar meg enormt til å sjå koss boka vil sjå ut.. Håpar du også gledar deg, litt i alle fall…
“Sei frå når du er klar til å skriva bok”, var helsinga eg fekk frå han i vår. WOW! Då fekk eg jo lyst til det! Han har gitt meg “frie tøylar”. Slikt likar eg, ikkje dill og dall og snikk-snakk og formalitetar, men handling og tillit. I ekte jærsk ånd.
To av mine favorittkokebøker er på Jæren forlag: “godt nok – enkle og sunne matgleder” av Margrethe (Maggi) Gausel, “Bruk alt -deileg mat med god samvittighet” av Heidi Netland Berge og Ingveig Tveranger. Eg likar også “Diagnose flink pike” av Unn Therese Omdahl som kom ut i haust.

Gratulerer Margunn! Så fine bilder, og det blir sikkert boka også. Gleder meg til å lese den.
Tusen takk! Spent på koss boka blir og ikkje minst koss ho vil bli motteken!