Kvitløk MÅ du bare prøva å dyrka sjøl!

Har du aldri dyrka din eigen kvitløk? Då MÅ gjera det! Det er jo så lett, så lite arbeid og gir så bra resultat! Nå er rette tida. Nå skal fedda i jorda.

William (6) og eg gjorde jobben i går ettermiddag. Jordet i bedet var porøs og god fordi me har tilsett masse kompost og organisk materiale i løpet av sesongen. Eg løysnar topplaget litt med eit greip, slik at lett kan stikka ned eitt og eitt fedd, – så djupt at toppspissen er dekka med 2-3 centimeter jord. Avstand cirka 10 centimeter.

Det er ikkje alltid like lett å sjå kva som er spissen og kva som er rotenden på kvitløken, men det går nok bra. Eg puttar bare ned nokre ekstra fedd. Gjer ikkje noko om det blir tettplanta, det er bare å tynna litt tidleg på sommaren. Ung kvitløk er jo ei delikatesse!
Det er lurt å venta med å breia over jorda til alle fedda er nede, så ser du kor du har sett dei. Til slutt legg eg på eit teppe av lauv. Fuktig lauv bles ikkje avgarde, i alle fall ikkje om du klappar eller trør det lett ned i jorda. Det blir sjeldan tørt her på haust- og vinterstid.

Har du ikkje like god jord, strø ut nokre nevar pelletert hønsegjødsel og dekk med lauv.

Fedda me brukte var frå eigen avling, – eg hadde spart av dei me tok opp i sommar. Sertifiserte settekvitløk er dessverre ikkje lett å få tak i i butikkar og hagesenter, så det går sikkert godt å bruka vanleg kvitløk frå matbutikken. Eller kanskje du kan få nokre fedd av ein ven som dyrkar kvitløk? Det var slik eg fekk vår – slangekvitløk var det til og med, heldige oss.

Mamma Marte og eg gledar meg alt til smaken av fersk kvitlauk neste sommar…
LES OGSÅ: At kvitløk kan vera så godt!
William ser mest fram til å kunna dra dei opp! Det var spanande, tykte han.

I april tittar dei fyrste irrgrøne spirene opp. Etterkvart som dei veks, klypper eg av litt her og der frå toppen av – nydeleg grønt dryss både på brødskiver og middagsmat.

I år, då både mai og juni var varme og solrike, kunne me dra opp dei fyrste alt i juni (då tynna me dei som vaks vel tett) og i juli kunne me hausta store og flotte kvitløk. Så fantastisk gode på smak at du ikkje vil tru det før du har smaka det: Ja, me åt både eit og to fedd rå, så milde og gode var dei i starten.

Også i fjor var William med på å planta kvitløk, Då sette me løken i ein svær kasse av to dørkarmar. Kassen fylte eg fyrst med alt eg rydda ut or drivhuset (tomatplantar, agurkplantar og gammal jord – plantene nederst, jorda på toppen) og kompost frå varmkompostbingen. Det vart kjempevellukka!
LES MEIR OM DET I DETTE INNLEGGET: Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplanter.

PS: Eg har ennå nokre fedd på lur i matboda frå i sommar til medisinsk bruk: Kjenner eg at eg er i ferd med å bli forkjøla, et eg eit rått fedd eller to med ei teskei kaldslynga honning.