Rød kraftsuppe med oksekjøt og rødbeter

Rød  kraftsuppe  med  oksekjøt  og  rødbeter

Styrk deg på denne gode suppa med kraftbein, oksehøgrygg, poteter og røde, grøne, oransje og gule grønsaker! Finn fram ei stor gryte:

Dette brukte eg:

(Nok til om lag 10 porsjonar)

  • 4 liter vatn
  • 5 kraftbein (jo fleire, jo betre!)
  • 1,5 kilo oksehøgrygg
  • 900 gram små poteter
  • 4 rødbeter (750 gram, vekt før skrelling)
  • 6 små selleristilkar (150 gram)
  • 1 bunt små gulerøter (250 gram)
  • 2 små gule løk
  • 1 heil kvitløk
  • 6 blad savoykål (250 gram hakka kål, har du ikkje savoykål, bruk vanleg kål eller grønkål)
  • 1 STOR bunt bladpersille
  • 1 ss svarte pepparkorn
  • 4 ts tørka timian
  • 2 ts salt
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ss tomatpuré

NB! Du treng ikkje vega. Eg gjorde det bare fordi de lesarar skulle få ein viss peilig på kor mykje det var. Bruk gjerne meir kjøt om du er glad i kjøt, meir gulerøter om du likar det godt osv.  Har du ikkje selleristang, bruk sellerirot. Rødbetene set fantastisk farge på suppa, og gir også god smak. Pluss at det er jysla sunt!

Savoykålen held seg mørkegrøn og fin sjølv etter koking.

Framgangsmåte:

  1. Set kraftbeina på kok i stor gryte med vatn straks eg står opp. La småkoka.
  2. 4 timar før du vil at middagen/suppa skal vera klar (f.eks. 11:30), ha oppi kjøtet som du har skåre i store bitar pluss hakka kvitløk, oppskåren løk, oppskåren selleristang, pepparkorn og timian. La småkoka mens du tek deg ein god sundagstur…
  3. 3 timar seinare (13:30) når kjøtet er temmeleg mørt, ha oppi bittesmå poteter eller store poteter delt i bitar. La det koka 10 minuttar mens du hakkar kålen.
  4. Ha oppi kålen.
  5. Skrell rødbetene. Skjer rødbeter og gulerøter i bitar og ha i gryta.
  6. Tilsett 1 ts paprika og 1 ss tomatpuré.
  7. La koka til potetene og grønsakene er passeleg mjuke.
  8. Smak. Meir peppar? Meir salt? Kanskje litt økologisk grønsaksbuljongpulver? Bittelitt chili?

Eg serverer denne suppa på gamlemåten: Fyrst suppa (krafta med grønsaksbitar), etterpå kjøt med poteter og grønsaker på flat tallerk.

Mannen min og et åt oss stappmette. Resten hamna i frysa – då har me «Rød kraftsuppe «til minst 5 fleire middagar!

Greit å ha i frysa!

NB!

Viss du vil ha kjøtbitar i suppa, skjer kjøtet i mindre bitar. Då blir også koketida kortare.

Jo lenger tid du brukar på å koka kraftbeina, jo meir kraft&smak får du på suppa. Du kan også koka kraft på beina dagen før. Då har eg oppi 1 løk (med skal), 1 kvitløk (med skal, gidd ikkje skrella), bladpersille med stilkar, 1 gulerot, selleristangavkapp (blada), pepparkorn og litt godt salt. Sil av krafta i eit dørslag.

Kraft til overs frys eg ned i tome glas med skrulok til neste gong eg treng ei suppe med ekstra kraft!

Vonde kne og hofter?

Det er ikkje bare fordi kraftbein gir suppa god smak, at eg kokar kraft. Kraft er også godt for god tarmhelse (som igjen er svært viktig for heile kroppen, ikkje minst immunforsvaret) og for ledd.

Det er særleg  aminosyrene i kollagenet i kraftbeina som gjer så godt for dei vonde hoftene, knea og tarmen din!

HER ER ANDRE POPULÆRE SUPPEOPPSKRIFTER:

REGNBOGESUPPE, JO MEIR DU ET, JO BETRE!

UFO-SUPPE MED SQUASH OG PERSILLE

ENKEL PURRE-POTET-SUPPE

LINSESUPPE MED SVUNG



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: