Slik gjer du pallekarmane klare til neste sesong

Har du lyst til å gå i gang med kjøkkenhage? Kanskje ein pallekarm eller to, bare? Då er dette ei super tid å starta på! Ikkje med å så og planta, nei, men med å laga næringsrik, levande, god jord.
For det er nå det flyt av lauv som må rakast, det er nå me kappar ned avblomstra stauder, tømer pottene med avblomstra sommarblomar.
I staden for å ha det i den brune bossdunken (søppelspannet for bioavfall), tøm det i ein dobbel pallekrage! Legg gjerne kvistar og/eller dei grovaste planterestane nederst.
Skal du ha pallekarmen i eit hjørne av plenen, treng du ikkje grava bort grastorva først. Bare dekk graset under karmen med eit tjukt lag aviser eller med kartong/papp. Så går du i gang med oppryddinga, og fyller avfallet i karmen. Eg kappar avfallet opp med ein sigd, då går komposteringa (omdanning av planteavfall til jord) raskare. (Sigden kjøpte eg på Felleskjøpet).
Det er lurt å leggja brunt og grønt avfall lagvis, og ha litt jord mellom laga (gammal pottejord, nokre spader vanleg hagejord).

Har du tilgang på møkk og/eller tang og tare, er det godt å blanda det også i. For ikkje å snakka om kompost viss du har det.
Til våren vil du sjå at avfallet har sunke saman og blitt til grov kompost. Då kan du bare fylla på med jord, og gå i gang med å så eller planta.
Har du kjøkkenhage frå før, med nokre bed og pallekarmar, bruk også planteavfall til å forbetra jorda og skaffa deg ekstra jord. Slik gjer eg det:

Eksempel-1:
Maisplantene mine blei kjempehøge i år. Dei veks i eit bed ved sida av to doble pallekarmar kor eg hadde sommarsquash.
Eg hogde ned maisen med sigden og la den i ein haug. Så tok eg opp squashen og la den i ein haug.

Deretter gravde eg ut jorda i pallekarmane og hadde det på toppen av maisbedet. Dette bedet (som eg anla i vår av halm, lauv og kompost), tenkte eg nemleg hadde godt av litt påfyll.

Så kappa eg opp maisen og la den i dei to pallekarmane. Oppå der att: Oppkappa squashplanter. Neste lag: Eit trillebårlass med nedkappa stauder, bregner og rabarabrablad.
Deretter tømde eg to svære krukker med mold som blodbegerplantene mine hadde stått i. Nå var dei sjuskete etter alt regnet.

Så spadde eg tilbake litt av jorda eg hadde lessa over på maisbedet slik at jordlaget i kompostbingane blei cirka 30 centimeter.

Naboungane Sofie og William kom med ei trillebår med lauv som me hadde på toppen av karmane. Eg henta eit par trillebårer med lauvdekke til bedet.

Eksempel-2: Dei to pallekarmane med sommarblomar (Zinnia og Sommarsolhatt):
Eg drog opp blomane og la dei i ein haug.
Så spadde eg ut jorda og hadde det i to trillebårer og nokre baljar.

Så la eg sommarblomane nederst i karmane. Eg kappa også ned nokre stauder og hadde oppi.
Neste lag vart eit spann med Bokashi og nokre baljar med grov kompost frå varmkompostbingen.
Så tømde eg det eine trillebårlasset på toppen av dei to karmane.
Då fekk eg ei trillebår med god jord til overs.
Den kan eg enten fylla i sekker slik at eg har jord til våren, eller eg kan fylla krukker og setja blomsterlauk… Eller eg kan fylla på i bed der det trengs.
PS: Over pallekarmane legg eg ei “hette” av fiberduk over for å unngå at kattane i nabolaget skal tru eg har laga do til dei. Det hindrar også at lauv på toppen bles bort i tilfelle det skulle bli tørt…Vått lauv held seg på plass.