Graskarcurry

Graskarcurry
Uchiki Kuri (Hokkaidograskar) fotografert tidlegare i haust av Jan Inge Haga.

Veit du ikkje kva du skal laga av graskar? Prøv curry! (krydra, indisk stuing).  Denne lagar du på ein snau halvtime. Sjølvsagt god, jysla sunn og lett og laga. Og så godt det luktar!

Det var ein kveld eg var åleine heime. Eg hadde ikkje ete middag og måtte finna på noko. Hmm. Skulle eg spretta eit graskar? (mannen min likar ikkje det, påstår han). Eg henta det minste Hokkaidograskaret (sort: Uchiki Kuri). 1,2 kilo vog det.

Løk og graskar – to av favorittane mine denne sesongen. Begge kan tørkast og lagrast i mange månader. (Foto: Margunn Ueland)

Den største og skarpaste kniven måtte til for å dela det i tjukke skiver. For ein praktfull oransje farge inni! A-vitamin/betakarotener i fleng!

Fargeprakt=plantekraft=vitaminar og antioksidantar.

Graskarkjernene og det mjuke i midten rundt kjernene grov eg ut, vaska kjernene og la dei på tørk. Då har eg frø til neste år. Sjølve «fruktkjøtet» var hardt.

Fjerna så skalet og la bitane på eit steikebrett med olja bakepapir.

Krydder på og så inn i omnen.

Suppe eller curry?

Kva skulle eg laga? Suppe kanskje? Eller curry? Uansett hadde det vore lurt å smaka koss dei smaka «naturell» – bare steikt i omnen? Så kunne eg bestemma om eg skulle gjera noko meir med dei etterpå.

Litt krydder vil sikkert vera godt til graskar: Dryss, dryss med ingefær, gurkemeie og kanel.  Masse antioksidantar i krydder og betennelsesdempande stoff. Litt koriander, spisskummen og chili mens eg fyrst var i gang. Eit par tak med pepparkverna. (Bruk alltid litt peppar saman med gurkemeie, då opptek kroppen meir av dei gode stoffa i gurkemeie).

Løk er då også godt omnsbakt. Blir skikkeleg søt og god.

Inn med brettet i omnen.

Etter ti minutt, var graskaret mjukt, og det lukta godt. Eg henta ut ein smaksprøve med ein gaffel. Godt!

Svuppetisvupp!

Men litt meir svung over ein tallerken med curry? Eg går for det. Har jo tre små grøne paprika i kjøleskapet som eg hadde må bruka opp. Er ei stund sidan eg plukka dei inn frå drivhuset. Skjer opp, inn i omnen.  Fint med grønt saman med det oransje.

Snaue ti minutt til i omnen.

I eit glas i kjøleskapet står eit glas med restane frå ei boks kokosmjølk. Passar ypperleg. Må ha litt sunt fett og litt saus i curryen. Då trengs meir krydder: Ingefær, gurkemeie, peppar. Litt paprika, for å gje meir farge. Ein splæsj tamari/soyasaus for endå meir farge og saltsmak.  Prøvesmak: Ein skvis sitron, så blei det gode greier.

Så oppi med graskar, paprika og løk. Bønner, bønner for meir næring og protein. Svarte bønner hadde vore perfekt. Dessverre ingen att i skapet, men røde kidneybønner var der. Skyll av, ha i gryta.

Rør saman. Kjempegodt! Ein skvis sitronsaft– og eg har jo masse chutney! Sikkert godt med ei skei eller to oppi. Funka perfekt.

Eg blei både god og mett og jysla nøgd med meg sjølv. Einaste var at graskaret kunne ha vore fem-ti minutt kortare i omnen, slik at det hadde halde seg som heile bitar i gryta. Nå blei det til mos straks eg rørte. Men, men, smaken var god. Bare det at det nok hadde sett finare ut med med graskarbitar, – kanskje? Ja, ja, ikkje så nøye. Smaken er viktigaste.

Ferdig! Godt med litt chutney og sitron attåt.

Lyst til å prøva?

OPPSKRIFT: (2 store porsjonar, nok til 2 vaksne og 2 barn om du serverer ris til)

Trinn 1: Omsbak krydra graskar, løk og paprika

  • 1 løk
  • 1,2 kilo graskar (vekt med skal)
  • 1 ts ingefær
  • 1/2 ts chili
  • 1 ts koriander
  • 1 ts kanel
  • 1/2 ts spisskummen
  • 1/2 ts salt
  • 1 løk
  • 2 grøne paprika
  1. Skjer skalet av graskaret, fjern frø og det mjuke i midten. Skjer i skiver.
  2. Dryss med krydder.
  3. Skjer opp løk i tynne båtar og paprika i passelege bitar.
  4. Legg alt dette på steikebrett dekka med olja bakepapir.
  5. Bak i omnen på 200 grader i om lag 15 minuttar. (Eg hadde det inne i vel 20 minuttar, då blei graskaret i mjukaste laget. Kjenn etter med ein gaffel. Kjem også an på kor tjukt/tynt du har skåre graskaret og muligens også på kva sort graskar du brukar.)
  6. Ta så ut graskara og paprikaen, la løken liggja litt til.

Trinn 2: Lag sausen:

Ingrediensar:

  • 2 dl kokosmjølk
  • 1 ts ingefær
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts paprika
  • litt peppar
  • 2 ts Tamari/soyasaus (går sikkert bra med 1 ts også)
  • 2 ts sitronjuice

Rør saman, kok opp.

Trinn 3:  Bland saus og grønsaker og ha i bønner

Ha oppi graskar (skjer i bitar), paprika og løk (som du tek ut av omnen nå) i sausen.

Ha oppi 1 boks svarte bønner eller kidneybønner (hell ut væska og skyl bønnene i eit dørslag fyrst).

Varm opp.

Server med ein båt sitron (så kan du skvisa over litt juice til om du vil) og chutney.

Eg brukte chutney eg har laga av grøne tomatar og eple. 

HER KAN DU LESA OM KOSS EG DYRKAR GRASKAR.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: