Eplekos på 1-2-3

Må jo ha litt ekstra godt frukost sidan det er helg. Her er ein luksusvri til alle dykk som likar å starta dagen med havregryn. Du kan like gjerne laga denne utpå dagen når du får lyst på noko godt til ettermiddagsteen, – noko som du rører i saman i ein fei. 30 minuttar er alt du treng for å laga denne.
Alle ingrediensane i denne er bra for deg. Du får i deg C-vitamin, betakaroten, folat, kalk, jern, magnesium, sink, selen, omega-3, fiber.

Ingrediensar:
(4 porsjonar)
- 6 epler
- 2 ts kanel
- 1/2 ts ingefær
- 1,5 dl valnøtter
- 2 ss knuste linfrø
- 3 dadler (har du ikkje dadlar, bruk 1/2 banan).
- 1 dl rosiner
- 1,2 dl havregryn
- 0,7 dl mjølk (ku eller soya eller mandel)
Framgangsmåte:
Set omnen på 180 grader.
Skjer eplene i bitar. Ta 2,5 dl av eplene i ein blendar, legg resten i ei eldfast form.

Kjør eplene i blendaren til ei røre saman med kanel, valnøtter, dadlar (ta ut steinen!) linfrø og soyamelk.

Ha rosiner i røra og rør om med ei skei.

Her er røra fordelt over eplene. Strø så over havregryn.Tøm røra over eplene i forma.
Dryss havregryna på toppen.
Bak i 20-25 minuttar.

Server gjerne med yogurt eller kesam til, eller mjølk.
Også godt til frukost!
Hei 😀
Denne havre frokosten så bare helt magisk ut!
Lurer på er den veldig stor?går det an å sette den i kjøleskapet til neste dag?
Og jeg har ikke blender ,Kan jeg bruke stavmikser?
Takk! Ci 4 porsjonar, kjem an på kor mykje de et… Ja, går fint å setja i kjøleskapet til neste dag. Jada, går sikkert bra med stavmiksar.