På tide å ta opp georginene

På  tide  å  ta  opp  georginene

Kraftig haustregn, vind og storm tok knekken på georgineblomstringa. Ja, ja, knollane/røtene måtte uansett i hus før frosten kjem. Ta deg tid til det, då vil du få rikare bløming kvart år framover. Ikkje bare det, du kan få dobbelt så mange planter! For kvar knoll veks seg mykje større på ein sesong. I alle fall om dei får stå i god jord. Nokre av mine var blitt tre gonger så store som i vår når eg tok dei opp nå nyleg. Her skal eg visa deg koss eg gjer det.

Slik ser rotknollane ut.

Slik gjer du det:

  1. Takk georginene for innsatsen:)
  2. Plukk dei siste georginene, lag deg ein stor, fin bukett.
  3. Kapp ned stilkane, om lag ti centimeter oppføre jorda/knollane. Det går fort om du har ein sigd.
  4. Kapp opp stilkane og kast dei i komposten.
  5. Grav litt mold til sides med hendene og  kjenn etter kor stor knollen er. Stikk så ei spade ned i jorda rundt knollen, lag ein sirkel. Pass på at du ikkje skjer han sundt. Stikk så spada under rotknollen og vipp han opp. Dra i stilkane.
  6. Fjern så mykje mold du greier med hendene.
  7. Er det mykje jord att på røtene og dei er veldig våte, pleier eg å spyla dei med hageslangen.
  8. Legg dei til tørk. Fint viss det er sol ute. Viss ikkje, ta dei inn og legg dei i kassar med avispapir i botnen. (Dei tørkar fortare om du har spylt bort alt molda).
  9. Det er viktig at dei tørkar, ellers kan dei mygla og rotna om vinteren.
  10. Når dei er tørre, gjeld det om å finna ein tørr og frostsikker plass kor dei kan liggja om vinteren. Heldige de som har kjellar! Eg har ikkje det, så eg har prøvd å ha dei i ispoporkassar med dyner over i innerboda i garasjen. Det gjekk bare greit når vintrane var milde. Løysinga blei å ta inn kassane i periodane med flest kuldegrader. Men har du mange, tek dei jo plass… I fjor hadde eg dei i drivhuset, for der hadde eg andre planter som måtte ha det frostfritt. Det gjekk med ein del straum, ja.  Løysinga i år blei at bror min tok dei med heim til seg; han har kjellar.
Eg spylte mine med hageslangen for å få vekk molda slik at dei tørkar fortare. Også meir reinsleg når dei skal overvintra i andre sin kjellar.

I mars hentar eg fram knollane, deler dei og set dei til driving. Det vil seia at eg plantar dei i potter, vatnar dei og set dei ein lys og frostfri plass. Hos meg er det i drivhuset.

Før eg fekk drivhus, sette eg dei til driving på terrassen i april, og bar pottene innfor døra viss det kom frost.

LES MEIR OM DET HER

Så mykje blomar frå fem knollar (dei røde fremst). I midten to mørkerøde, bak to rosa. (Foto: Margunn Ueland)

Mykje styr, synes du? Det er verd det! For georginene betaler deg for innsatsen med langvarig og rik bløming. Og så er det stas å ta vare på dei gamle knollane som har vore i slekta i årevis. Pluss gildt å kunna gje knollar til andre hageglade.

 

 

 



2 kommentarar om “På tide å ta opp georginene”

  • Jau, eg har lurt på det. Men mine har ikkje blomstra enno ?. Eg sette dei nok litt seint, og dei har stått i kraftig kompost i lag med squash og graskar. Store, fine blad, og eit par blomsterknoppar har dei fått. Og sikkert store knollar. Neste år blir dei sikkert fine ?

    • Har dei ikkje blomstra ennå?? Rart. Kva tid sette du dei? Eg plantar ut mine når faren for frost er over, som regel i starten av mai. Då blømer dei i alle fall frå juli av. Dei må stå i sol. Kan dei ha hatt det for fett, slik at dei har produsert meir blad enn blomeknoppar? Nye eller gamle knollar du har hatt før?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: