Ti på topp i september

Oppskrifter på lettlaga brød og eplekaker, smoothie med rødbete, chutney av grøne tomatar og tips om koss du får brukt opp mangold/bladbete, er mellom dei mest populære innlegga på bloggen i september.
Desse 10 dagane leste dykk mest:
1. Den 4. september: 2,417 visningar. Av desse var 1,175 på MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST!“, resten litt på forskjellige innlegg.

2. Den 9. september: 2,194 visningar: Eg trudde fyrst det var på grunn av dagens nypubliserte innlegg “MINE TRE BESTE SOMMARSQUASH”, mens så viste det seg at eit av dei aller fyrste blogginnlegga eg skreiv, “BODILS GODE, LETTVINTE BRØD” var i omløp igjen (1,159 visningar).

3. Den 5. september: 1,157 visningar: Det var dagen “MAISFEST I LEIKEPLASSHAGEN” og “MARGUNNS KJØKKENHAGE FEIRAR HALVTÅRS-JUBILEUM” vart publisert.

4. Den 10 september: 937 visningar: Dei fleste gjekk på “FIOLETT ANTIOKSIDANTBOMBE”.
5. Den 16. september: 754 visningar, hovedsakleg på “RABARBRA- & EPLEPAI”.

6. Den 23 september: 743 visningar: “KOSS BRUKAR DU 10 LASS MANGOLD/BLADBETE”, var dagens innlegg. Oppskrifta på TOMATCHUTNEY MED GRØNE TOMATAR OG EPLER var også godt lest den dagen pluss i dagane framover.

7. Den 8. september: 732 visningar: “KNALLGOD EPLEKAKE MED VANILJEKREM”, stod for dei fleste.
8. Den 18. september: 667 visningar. “TURIDS EPLEKAKE”, var hovedårsaka til det.

9. Den 11. september: 610 visningar: “UFO-SUPPE MED SQUASH OG PERSILLE”, var de dykk leste mest den dagen.
10. Den 20. september: 545 visningar: “SPRØ SALAT MED SELLERI OG EPLE”, var dagens innlegg.

Tusen takk!
Takk alle saman!
Vil du fylgja meg på bloggen, blir eg svært glad. Klikk på knappen «Følg meg», skriv inn e-postadressa di i feltet, trykk Følg meg. Gå så til e-posten din. Der skal det koma ein e-post. Klikk «stadfest». Då er du fylgjar. Det er gratis, og du vil nå få ein e-post kvar gong eg legg ut eit nytt innlegg på bloggen.
På Facebook er min private profil Margunn Ueland. Eg har også ei Facebookside som heiter Margunns kjøkkenhage. Er du interessert i hage, mat og helse, er det best å fylgja meg på Facebooksida. Der legg eg ut mest slikt stoff, både innlegg og bilete.