Spinat- og søtpotpai

Her får du oppskrifta på ein god og lettlaga grønsakspai utan kveitemjøl pluss tips om ein spinatsort som det blir mykje av sjølv på liten plass.
Eg var ute i hagen og rydda. Tida flaug, og plutseleg var det 45 minutt til mannen kom heim. Eg hadde lova at middagen skulle vera klar. Her gjaldt det å finna på noko fort!

I bedet framføre meg sto New Zealandsk spinat grøn og fin. Den er mellom grønsakene som ennå veks godt. I motsetning til vanleg spinat som veks om lag på same måten som salat, får denne tjukke stilkar med mange blad, tjukkare blad enn vanleg bladspinat. Stenglane kan bli lange, men klypper du ofte, “buskar” han seg og nye skot veks ut. Planten blir tettare og kraftigare jo meir du klypper. Eg får meir spinat i eit bed med New Zealandsk spinat enn vanleg bladsalat.
Eg kappa av litt her og der, nok til å fylla ei korg.

I kjøleskapet låg to søtpoteter. Dei kunne eg jo bruka som botn i staden for vanleg paideig!
Ingrediensar:
(4 porsjonar)
- 1 ss smør
- 2 søtpoteter
- 1 ts ingefærpulver
- 1 ts kanel
- 2 kvitløkfedd
- 1 gul løk
- Omlag 2 liter spinat
- 1 bunt bladpersille
- 1/2 ts salt
- 1/2-1 ts peppar
- 4 egg
- 2 dl kokosmjølk (eller heilmjølk/kumjølk)
- 1/2 ts reven muskattnøtt
- 1 dl reven ost
- 10 små tomatar, gjerne kirsebærtomatar

Framgangsmåte:
- Set omnen på 180 grader.
- Smør ei eldfast form.
- Skrell søtpotetene og skjer dei i tynne skiver.
- Dekk botnen og sidene på forma med skivene.
- Dryss på kanel og ingefær.
- Set forma i omnen og la søtpotetene forsteika om lag 15 minuttar.
- Vask spinaten og tørk han i salatspinnar eller kjøkkenhandklede.
- Hakk spinaten og bladpersillen.
- Skrell og hakk løk og kvitløk.
- Røresteik løk og kvitløk i smør i nokre minutt til dei blir mjuke.
- Ha i spinat og mesteparten av persillen og røresteik vidare nokre minutt til spinaten fell saman.
- Krydra med salt og peppar.
- Pisk egg, mjølk og muskattnøtt til det bli godt blanda.
- Ta ut forma, ha oppi spinatfyllet fyrst.
- Topp med eggeblandinga. Steik vidare i cirka 20 minutt.
- Del tomatane i to.
- Ta ut forma, legg på halve tomatar, ha på reven ost og litt persille på toppen.
- Steik vidare til osten er smelta.


Denne skal eg jammen laga fleire gonger!

Hmm. Fekk lyst til testa ut ny vri med vanlege poteter eller kanskje sellerirot eller graskar som “paibotn”.

Kompost og seriedyrking
Spinaten planta eg ut i slutten av juli etter at eg hadde teke ete opp brokkoli, brokkolini, russisk grønkål og rødbeter frå fyrste sådd i mars, planta ut i slutten av april.
Spinaten hadde eg sådd i ein balje i juni. Før utplanting, la eg på eit tjukt lag kompost i bedet.
Jeg lagde denne, men hadde ikke søtpoteter, og brukte selllerirot og poteter i stedet for. Byttet også ut spinaten med grønnkål som jeg har så mye av i hagen. Det ble kjempegodt!
Så herleg! Det må eg også prøva:)