Her er årets beste krydderurt

Her  er  årets  beste  krydderurt

Så herleg å kunna hausta inn bunt etter bunt med velduftande, frisk persille så ofte eg vil! Og det for så liten innsats! Persille må du bare ha i kjøkkenhagen neste år.

«Lille Persille», du liksom. Og kven var det som kom på «å vera eit persilleblad» skal vera det same som at ein er litt puslete og skjelven av seg? Høyrt så dumt! For persille er sterke greier! Ein skikkeleg tøff vekst som toler ein støyt. Og som gir deg kraft i kroppen – så et masse!

Eg snakkar om persille du sår sjølv og som får veksa ute, ikkje «dei persilleblada» av nokre sveklingplanter du får kjøpt i matbutikken. Unnskuld, men dette er persille som er alt opp i full fart i drivhus.

Meir og meir

Dei som tidleg i livet kjem utandørs i naturleg lys og vanlege temperaturar, blir mykje sterkare og kraftigare. Det beste av alt: Du kan klyppa og klyppa og klyppa, jo oftare, jo frodigare blir persillen. OBS! Ikkje klypp av nederst i enden av stilken, stuss litt på toppane, litt her og litt der. Utpå sommaren og utover hausten, er det ikkje bare snakk om stussing med ei saks, då kappar eg i veg med sigden!

Godt å ha nokre posar i frysa. Så går det ei veke, og persillen ser ut som om han aldri har blitt klyppa/kappa. I alle fall dersom du har planta han i god jord.

Toler litt frost

Persillen vil du ha glede av heile hausten og heile vinteren om den blir normalt mild her i Stavanger. Fyrste året eg sådde persille, stod han grøn heile vinteren. Rett nok blei han litt pjusk og fekk nokre gule blad her og der, men det var bare å klyppa vekk når våren kom, så kom han for fullt att.  Persille er nemleg 2-årig.

Persille kanta eit smalt bed med rødbeter, men etter at rødbetene blei tekne opp, har persillen overteke mest heile bedet. (Foto: Jan Inge Haga)

Dyrkingstips

I vår sådde eg bladpersille, sorten «Gigante D´ Italia». Den er verkeleg «gigante». Den eg har planta ved sida av stangsellerien, har mest like kraftige blad som den (nå ja, det var ei lita overdriving..).

Persille er ypperleg til å kanta bed med.

Nå er det heilt fantastisk å sjå at den vesle såkassen med søte persillespirer har blitt til mengdevis av persille.

Persille i såkassen til venstre, rødbete «Bull’s Blood» til høgre. Det er persillen i denne eine kassen som har blitt til all persillen de ser i dette blogginnlegget. Pluss endå meir, har persille i tre bed! Dette biletet vart teke i april. (Foto: Margunn Ueland).

Enkelt gjorde eg det også: Breisådde persillen i ein liten kasse, brukte så ei skei til å ta opp ein og ein rotklump som eg fordelte utover. Det var i starten av mai.

Persille likar seg vel så godt i halvskugge som i sol. I alle fall denne sommaren!! Då blei det vel turt i sola. Men han kom seg fort då regnet kom i slutten av juli.

Knallsunn

Persille inneheld mellom anna vitamin C, vitamin E  og betakaroten (forstadiet til A-vitamin), kalium, jern og kostfiber samt plantekjemikaliar som er med på å halda deg ung og frisk.  Planter med sterk lukt og farge, har ekstra mange slike, så masse urter og krydder er bra!

Frysetriks: Eg bare plukkar store buntar og stappar dei i ein pose som eg legg i frysa. Står ikkje og hakkar. Når persillen er frosen, er det bare å klemma på posen, så smuldrar han opp. Veldig godt å ha til middagar utover vinteren på mørke, våte og kalde dagar du ikkje har lyst til å gå ut og plukka.

Tips:  Har du kjøpt ei potte persille i matbutikken, klypp han ned og plant ut jordklumpen i ei krukke med god jord eller eit bed. Så vil du få nye og sterke stilkar med persille du klyppa av mange gonger. Kanskje litt seint på året mange stader å gjera det nå, men hugs det til neste år!

HER ER OPPSKRIFT PÅ ENKEL OG GOD SUPPE MED PERSILLE, SQUASH OG FLØTE.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: