Koss brukar du 10 lass mangold/bladbete?

Koss  brukar  du  10  lass  mangold/bladbete?

Beda mine står fulle av grønsaker. Etter stormen «Knud» gjekk det plutseleg opp for meg: Snart er det oktober! Her gjeld det å hausta, eta, koka, baka, sylta, juica og frysa.  Koss skal eg få brukt opp all mangolden! Her får du tips både til kva du kan laga av denne supergrønsaken og koss du kan få eit stort lass oppi to små fryseposar.

Mangold er rett nok ikkje den det hastar mest med, for den toler nokre kuldegrader. Men plantene har grodd noko så voldsomt at eg måtte befri naboplantene frå nokre av dei svære blada. Sjølv om det ikkje er meir enn ei veke sidan eg plukka famnen full både ein og to gonger. Dessutan knakk fleire stilkar i stormen.

Er han ikkje fin, mangolden? Lyser opp til og med i regn! (Fotos: Margunn Ueland)

1. Det fyrste lasset laga eg juice saman med masse epler, epleagurk og litt sitron. Syskenbarn Karen fekk med seg ei flaske heim. Ho blei svært så ivrig når ho høyrde det var masse K-vitamin og magnesium i juicen.

2. Andre lass blei wokka saman med andre grønsaker.

Grøn lasagne med mangold.

3. Det tredje blei til supergrøn lasagne (lasagneplater med kvit saus med hakka mangold og persille og ost på toppen).

4. Det fjerde blei til fyll i omelett og stuing til fisk.

5. Av lass fem laga nabo Liv «spinat»-suppe av med kokosmjølk, grønsaksbuljong, kvitløk, sjalottløk, litt sitron, peppar og bladpersille.

6. Også Ruth ville laga suppe. (lass seks)

7. Lass sju fekk syskenbarn Karen slik at ho kunne laga regnbogesuppe.

8. Lass åtte røresteikte nabo Marte på panna saman med løk og kvitløk.

9. Lass ni fekk syskenbarn Grete. Ho ville frysa slik at ho seinare kunne laga «Min beste lasagne».

10. Aha! Eg har alltid forvella mangold før eg frys han, men ho sa det gjekk godt å bare frysa han rå. Men var der plass i fryseboksen min? Eg sjekka. Han var full av grønkål, squashstuing, regnbogesuppe, purre-potetsuppe, grønsakslasagne, bringebær, solbær, persille, beinkraft….  Eg tok med meg nokre beger bringebær inn til å ha i smoothie med rødbeter og epler. Då blei det litt ledig plass. Bittelitt plass.

Her har eg skåre bort stillkane og hakka mangolden som låg på bordet (oppslagsbiletet). NB! Det er eit stort brett!

Slik frys eg mangold

Men det går fint an å få ein stor haug mangold/bladbete inn i to små fryseposar, om du kuttar og forvellar mangolden fyrst: Slik gjer eg det:

  • Skjer bort stilkane.
  • Vask blada.
  • Legg 5 blad oppi kvarandre, rull dei saman og skjer opp i bitar.
  • Gjer det same med resten. (les vidare under grytebiletet)
Skrumpar fort inn i gryta.
  • Ha i ei stor gryte med kokande vatn.
  • La koka 1 minutt til dei skrumpar inn.
Greit «dørslag» når mykje mangold skal silast av..
  • Hell av kokevatnet, skyl dei i kaldt vatn.
  • Eg let kaldvatnet renna mens eg tømer mangolden i ein kasse med hol (rommar meir enn eit dørslag).
  • La renna av.
Etter «skvising» var der plass til all mangolden i denne skåla.
  • Ta så ein klump mellom hendene og skvis ut vatn. Hakk litt til på skjerfjøla og putt i frysepose.
  • Gjer det same med resten.

Vips, så var alle mangoldblada som dekka hagebordet mitt på plass i to 1,25 liters posar.

Ferdig! Klar for fryseboksen!

Der var lass ti brukt opp. Og ennå er det mykje mangold att i beda.

LES MEIR OM KOSS DU DYRKAR MANGOLD OG ALLE HELSEFORDELANE MED DENNE SUPERGRØNSAKEN. 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: