Tomatchutney med grøne tomatar og epler

Tomatchutney  med  grøne  tomatar  og  epler
Lag chutney av grøne tomatar! Kjempegodt! (Fotos: Margunn Ueland)

Uæh!! Svarte og brune flekkar på blad og stenglar på tomatplantene. Nokre brune og stygge tomatar. Tørråte.  Det måtte jo bare skje i alt dette regnet me har hatt i august og september. Bergast det som bergast kan. Endå flust med fine, grøne tomatar. Kanskje hadde dei ikkje blitt mogne likevel?

På sjuke tomatplanter gjeld det om å redda inn tomatane før også dei blir sjuke. Dette er «Principe Borghese». Tomatene som er brunlege, er sjuke. Legg merke til det brune og svarte på stenglar og på det som er att av blad. Tørråte. (Fotos: Margunn Ueland)

Grøne tomatar kan brukast, ser du. Min favorittmåte er godt krydra chutney.

Ja, då var det bare å gå i gong å skjera opp! Paprikaplanten i drivhuset hadde fått lus, så då passa det godt å få brukt opp paprikafruktene. Luseplanten hamna i komposten.

Ingrediensar:

  • 2 kilo grøne tomatar
  • 4 gule løk
  • 2 røde og 2 grøne paprika
  • 12 epler
  • 4 dl rosiner
  • 6 dl sukker (gulp)
  • 6 dl eddik
  • 6 ts salt
  • 8 ts malt ingefær
  • 4 ts gurkemeie
  • 4 ts kanel
  • 1/2-1 grøn chili utan frø

VARIANT:

Tilsett også 4 ts «Mild Madras Curry Powder».

Grøne tomatar og røde epler kan brukast til så mangt..

Framgangsmåte:

  1. Skjer tomatane i bitar.
  2. Skjer eplene bitar, du treng ikkje skrella eplene.
  3. Skrell og hakk løken.
  4. Rens paprika for frø og hinner og skjer i små terningar.
  5. Ha alle ingrediensane i ei stor gryte, rør om. NB! Du skal altså ikkje tilsetja vatn.
  6. Kok opp, la så småputra på svak varme i ci 1 time. Rør av og til.
  7. SMAK TIL: Meir sukker? Meir eddik? Meir ingefær? Meir chili?
  8. Fyll chutneyen på reine, varme glas. Set lok på straks.

Chutneyen er haldbar lenge. Den eg laga for tre år sidan, heldt seg i eitt år. Trur nok denne neppe blir ståande så lenge.

Syskenbarnet mitt Karen vart heilt oppglødd av chutney-kokinga. He, he, eg også!

«Galgodt!»

«Galgodt!» Syskenbarn Karen var frå seg av begeistring då ho smaka på chutneyen.

Ho kom nemleg forbi då eg var i ferd med å plukka inn dei grøne tomatane. Her var det ikkje tid til å sitja ned og jabba (tatla, snakka, prata) , «renskejobben» skulle gjerast før neste regnbyge. Ho blei sett til å plukka, mens eg drog opp plantene og kasta dei i den brune dunken. Sjuke planter hiv eg ikkje i komposten.

Karen jodla heim på sykkelen for å henta Norgesglas, ekstra løk, rosiner og eddik.

Så laga med chutneyen i lag, mens me tatla og tulla. Mens chutneyen småputra på komfyren, rakk me både å laga og eta MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST!

Det blei fleire glas på kvar. Jysla gildt!

Har du overflod av mogne tomatar, er nedlegging på glas ein rask og god måte å ta vare på desse på.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: