Sprø salat med selleri og eple

Sprø  salat  med  selleri  og  eple

Her får du ein sunn vri på Waldorf-salat!  Passar både som eigen rett – til lunch for eksempel- og som siderett til kjøtmiddagar.

Som de veit, tek eg alltid utgangspunkt i kva eg har i kjøkkenhagen når eg lagar mat. Her om dagen hausta eg inn mengder med stangselleri. Då kom eg på denne retten. Og i kjøleskapet er det masse epler.

Knasande sprø og saftig stangselleri. (Foto: Margunn Ueland)

Ingrediensar til 2 porsjonar:

  • 2,5 dl selleristang i tynne, små bitar
  • 2 røde epler
  • 1 clementin eller appelsin
  • 1 skvis appelsin- eller limejuice
  • 1 neve økologiske rosiner
  • 1 neve hasselnøtter
  • 8 valnøttkjerner
  • 4-5 ss yoghurt naturell
  • evt litt salt og peppar

VARIASJON:

Tilsett 1 kopp oppskåren ananas i staden for appelsin. Då blir det meir likt Waldorf-salat. Ha då ein skvis sitron oppi.

Her ser du kva som er i denne salaten. Friskt og godt!

Framgangsmåte:

  1. Vask og skjer selleristang i små bitar.
  2. Vask og skjer opp epler i små bitar.
  3. Skrell og skjer opp ein clementin eller appelsin i bitar.
  4. Bland safta som blir til overs med yoghurten.
  5. Grovhakk hasselnøttene.
  6. Ha alle ingrediensane i ei skål og rør rundt.
  7. Hell over i serveringsskål.
  8. Pynt med valnøttkjerner
  9. Knask, tygg i ro og mak. Kos deg!

Eg åt opp litt over halvparten. Resten sparte eg til neste dag: Då «luksa» eg opp retten med å ha i ein kopp bringebær (opptinte frå frysa). Ein neve hasselnøtter til og litt tjukk, heimelaga kefir. Nam, nam.

Er ein jobb å vaska stangsellerien rein for mold nederst på stilkane… (Foto: Margunn Ueland)

Anna bruk av stangselleri

Dei finaste bitane brukar eg til salat som dette og i supper. Eg likar også å knaska på heile stilkar med peanutsmør.

Dei styggaste bitane og ein del av blada hamnar i digre gryter med kraftbein saman med persille, sjalottløk, kvitløk, eit par gulerøter, timian, pepparkorn og salt. Stangsellerien set god smak på krafta.

HER ER OPPSKRIFT PÅ DEN POPULÆRE REGNBOGESUPPA MI.

Regnbogesuppe skal bli!

Dyrking av selleri

Å dyrka selleristang eller lettare enn sellerirot. Begge startar livet som bittesmå spirer frå bittesmå frø, mindre enn frø og spirer flest. Men når me kjem utpå våren, går det greit.

Stangselleri i drivhuset mitt i april. (Foto Margunn Ueland)

Då er selleristang som regel enkel å ha med å gjera. Denne grønsaksplanten likar mykje vatn, så han sto og stura midt på sommaren. Men då augustregnet kom, livna han til.

Selleristang har eg både i juli, august, september og oktober (tek dei inn før det blir frost).

Sellerirot derimot, toler litt frost. Så dei sparer eg på.

Les meir om selleridyrking i dette innlegget: Selleri, sellera!

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: