Turids eplekake

Eg trur eg har blitt avhengig av eplekaker….Dette er ei klassisk, saftig og god eplekake som er like god neste dag som fersk frå bakeomnen. Fort å laga er ho også.
Oppskrifta fekk eg av min gode ven og nabo Marte Bøe, som hadde denne frå svigermor Turid Bøe.
Orginaloppskrifta til Turid er slik:
- 3 egg
- 3 dl sukker*
- 1,5 dl smelta smør
- 3 dl kveitemjøl*
- 1 ts bakepulver
- 1 slump mjølk*
- Epler
- Kanel
Mine endringar:
***Eg laga denne med halvparten så mykje sukker (1,5 dl), og sakna ikkje meir søtsmak.
Ei teskei kardemomme hadde eg også i mjølblandinga. Mjølk droppa eg, for egga var store.
Eg har tidlegare prøvd å laga denne med rapsolje i staden for smør, men smaken blir betre med smør. Fiint sammalt speltmjøl har eg også testa ut i staden for kveitemjøl. Det gjekk greit. Men dette er ei temmeleg klassisk oppskrift, så då synes eg vanleg kveitemjøl passar best.

Framgangsmåte:
- Smelt smør, avkjøl litt.
- Pisk egg og sukker til eggedosis.
- Bland bakepulver og kardemomme i mjøl i ein bolle.
- Bland avkjøla smør og eggedosis i ein annan bolle.
- Ha i mjølblandinga. Rør godt saman med tresleiv.
- Skjer epler i skiver/båtar og stikk ned i kakeblandinga. Sagt på min måte: Trykk ned så mange epleskiver og eplebåtar du bare klarer. Jo meir, jo betre. Eg greidde å stappa oppi seks epler.
- Dryss over med kanel.
- Steik i omnen på 180 grader i 50-60 minuttar.
Inviter naboen på ein prat og server med iskrem eller piska krem:)
HER ER OPPSKRIFTER PÅ FLEIRE EPLEKAKER:
MARGUNNS EPLEFORM TIL BÅDE FEST OG FRUKOST!