Gjer kroppen din ei teneste: Et og drikk rødbeter!

Gjer kroppen din ei teneste: Et og drikk rødbeter!

Her får du oppskrift på ferskpressa juice med rødbeter pluss kunnskap om kvifor rødbeter er så bra for deg! Lurer du på å skaffa deg juicar? I dette innlegget listar eg opp fordeler og ulemper med sentrifugejuicar vs. slowjuicar. Til slutt får du nokre råd om dyrking av rødbeter.

Helsefordelar

Denne fargesterke rotgrønsaka er full av helsebringande stoff. Ikkje bare vitaminar (særleg B-vitaminet folat) og mineralar (mangan, jern, kalium), men også massevis av antioksidantar. Jo sterkare farge, jo meir antioksidantar er ein tommelfingerregel.  Alle som har teke i ei rå rødbete veit at farge er det flust av!

Levera di blir veldig glad og takksam om du et og/eller drikk rødbeter. Også hjarta og blodårene. Rødbeter inneheld nitrat som gjer at blodårene slappar av og blodet flyt lettare. Derfor fins det fleire studiar som viser at syklistar og løparar presterer betre om dei drikk rødbetjuice/et rødbeter før rittet/løpet.

Rødbeter hjelper også mot høgt blodtrykk. (Ein studie viste at personar som drakk 250 ml rødbetjuice dagleg i fire veker reduserte det systoliske blodtrykket med åtte poeng).

Og, som alle som har ete mykje rødbeter/drukke mykje rødbetjuice veit, du blir i alle fall ikkje plaga med treg mage dagen derpå!!

Om urinen din blir rosa dagen etterpå, uroa deg ikkje. Eg fortalde deg jo at fargestoffa i rødbetene er sterke! Betacyaniner heiter plantestoffa som gir rødbetene den rødlilla fargen. Desse vernar også mot kreft.

Rødbeter er supre å juica. (Foto: Margunn Ueland)

OPPSKRIFT:

  • 1 rødbete (min vog 212 gram). Eg let skalet vera på på mine nyhausta økologiske rødbeter.
  • 10 gram ingefærrot, uskrelt
  • 10 små epler (700 gram vog mine), bare fjern kjernehuset og stilkane.
  • 1 squash (min vog 270 gram)
  • 1/2 økologisk sitron med skal. Har du ikkje økologisk, skrell sitronen.

Framgangsmåte: 

  1. Eg skriv vekt i parantes, for det er ikkje så nøye!
  2. Start med å juica rødbete, sitron og ingefærrot. Smak deg så fram til kor mange epler du vil bruka for å få juicen sånn du vil ha han.
  3. Har du ikkje squash, tilsett ein kopp vatn.

Har du sentrifugejuicar, kan du stappa store bitar i røyret, Har du slowjuicar, må du skjera opp mindre bitar.

Av denne oppskrifta får du bortimot 2 liter juice.

Skeptisk? Det var eg også, før eg hadde smaka rødbetjuice.

Godt for levera, godt for blodårene.

TIPS-1: Om du eller ungane dine mot formodning ikkje skulle lika denne juicen, ha juicen i ein blendar med frosne bringebær og ananas (har alltid frosne i frysa).

TIPS-2: Ta deg  ein neve nøtter eller graskarkjerner ved sida av juicen/smoothien slik at du held blodsukkeret stabilt. Evt. tilset 1 ts god olivenolje i juicen.

PRØV OGSÅ DENNE GODE SMOOTHIEN MED RØDBETE OG BLÅBÆR.

DENNE LUNE SALATEN MED RØDBETER ER BÅDE GOD, FARGERIK OG KNALLSUNN

“Boltardy” er ein god sort rødbeter. (Foto: Margunn Ueland)

Dyrking

Det er lett å dyrka rødbeter. Frøa er store og lette å så, du kan så rett på friland (i mai). Så gjerne på nytt i juni, så får du rødbeter lenger utpå hausten.

Eg har aldri opplevd at rødbeter frå sjukdom.

Dei klarer seg også godt langt utpå hausten, til og med i nokre få kuldegrader (eg gir dei eit toppdekke med lauv).

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: